Åsmund H. Eikenes - Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening
Åsmund H. Eikenes

Åsmund H. Eikenes

​Kan man egentlig lese i hendene? Håndekspert og ukas NFF-er Åsmund Eikenes har svaret.

28.1.17

Åsmund H. Eikenes er rett og slett verdens ferskeste NFF-medlem. Og sannsynligvis den av våre drøyt 5500 medlemmer som kan mest om hendene dine. Handboka. Alt du vil vite om hendene dine – og litt til utkom på Samlaget i fjor høst.

Søndag 29. januar kan du høre han fortelle den spennende, cellebiologiske og kulturhistoriske beretningen om hendene, på Litteraturhuset i Oslo.

– La oss starte med det enkle: hva er en hånd?
– Handa er dei fem fingrane, handflata og handleddet, den delen av armen som er lengst vekk frå kroppen. Handa er eit sentralt verktøy i nesten alt vi gjer.

– Du er altså cellebiolog og kunne nær sagt havnet hvor som helst på kroppen. Hvorfor ble du så opptatt av hender?
– Eg synest hender er fascinerande fordi dei gjer to ting samtidig; hender er både verktøy og historiske dokument. Vi nyttar hendene kvar einaste dag, i kommunikasjon og praktiske arbeidsoppgåver. Samtidig inneheld hendene historia om korleis mennesket har utvikla seg. Historia om hendene våre er også ei historie om alt levande som finst på jorda.

– Dette har du sikkert fått spørsmål om før, men vi tar sjansen: boklesere i Norge og verden for øvrig dypdykker nå inn i bøker om hjerte, hjerne, tarm og gud vet hvor. Og med deg altså i hendene. Hva slags litterær trend er dette, at ingen menneskelige kroppsdeler skal være oss fremmed?
– Eg er glad for at kroppen får meir plass i litteraturen. Det er mykje spennande som skjer på innsida av oss, og forskingsresultat om kroppen er relevante for folk flest. Eg trur det kjem endå fleire bøker om kroppen framover, og at også fisk, fuglar, planter og bakteriar får plass i bokhyllene. Slike bøker gir eit djupdykk i eit tema som folk flest berre kjenner på overflata, og lesarane får overraskingar og ny kunnskap om eit tema som angår dei. Det som skil Handboka frå dei andre djupdykk-bøkene, er at eg har nytta hender som springbrett til å fortelle om ny forsking innan svært ulike delar av naturvitskapen. I tillegg til ein lettlest introduksjon til evolusjon av hender, får lesarane siste nytt innan høgteknologiske proteser, medisinsk forsking på immunforsvaret og genteknologiske gjennombrot for å lage nye kroppsdelar på labben. Eg ville vise fram dei nyfikne forskarane som på ulike måtar har brukt hendene sine til å utføre forsking som har fått konsekvensar for samfunnet vårt. Boka handlar altså om mykje meir enn hender.

– Ved å skrive en bok som du gjør trår du rett inn på det spennende feltet forskningsformidling for allmennheten. Hva var viktig for deg når du arbeidet med denne balansen faglig tyngde vs. folkeopplysning?
– Dei tidlegare forskingskollegaene mine er ikkje er ein del av målgruppa for Handboka. Eg skriv for interesserte vaksne som har glede av å oppdage nye ting ved seg sjølv og naturen. Balansen mellom detaljar og leseglede er kjernen i utfordringa ved populærvitskapleg formidling, og eg har gjort mitt beste for å skape leseglede framfor å skrive eit oppslagsverk med detaljar. Mi erfaring er at eg stod friare til å bruke engasjerande metaforar og personlege erfaringar til å formidle det faglege innhaldet når eg ikkje skreiv for akademikarar. Eg har sjølvsagt understreka usikkerheit ved forskingsresultata der det er relevant, men eg har kutta ut svært mange av dei "unødvendige" detaljane. Resultatet vart ei tilgjengeleg bok med enkelt språk og tydelege forklaringar. Målet er at lesarane skal glede seg over historiene og kjenne seg litt klokare etter å ha lese boka.

– Du er i boka opptatt av å vise at hendene våre er et produkt av evolusjonen, at hendene våre peker bakover. I dag bruker vi hendene annerledes enn før, med mindre fysisk arbeid og mer kontorarbeid. Hvordan påvirker dette hendene våre – hvordan vil framtidas hender se ut?
– Det er mange, meg inkludert, som synest at ideen om i-Phone-tilpassa hender og digitale sensorar i fingertuppane verkar fascinerande. Men, det er diverre ikkje slik at endringar i korleis vi brukar hendene våre fører til endringar i den genetiske oppskrifta på ei hand. Det er heller ikkje slik at berre dei som har iPhone-tilpassa hender får barn. Form og funksjon på hendene våre er ikkje ein sentral del av å finne seg ein partnar, så tilhøva ligg ikkje til rette for at mennesket som art kjem til å få dramatisk endra form og funksjon på hendene om nokre tusen år. Det er likevel slik at vi nyttar hendenen annleis no enn for berre nokre få hundre år sidan. Ein trend er til dømes at handskrifta forsvinn frå skulane i moderne, vestelege samfunn. Barna lærer å skrive ved å trykke på ein PC eller ein iPad i staden for å flytte ein blyant mot papiret. Nokre forskarar spekulerer i om bruk av iPad til å lære bokstavar kan føre til endringar i hjernen, og at dette kan få både konsekvensar for læring og utvikling. Her er ikkje forskingsresultata mange eller solide nok til å trekke konklusjonar, og det vert spennande å følgje med på utviklinga. Koplinga mellom hendene og hjernen er nokså spennande.

– Helt til slutt, og en gang for alle: kan man egentlig lese i hendene?
– Nei. 

Menu