Vil du lage sakprosafestival i Trondheim? - Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening
Vil du lage sakprosafestival i Trondheim?

Vil du lage sakprosafestival i Trondheim?

Me søkjer prosjektleiar til sakprosafestivalen «Fakta F», som skal skje 2. og 3. november på Litteraturhuset i Trondheim. Dette er tredje gongen NFF arrangerer festivalen.

02.02.18

Prosjektleiar skal leie programarbeidet, organiseringa og gjennomføringa av festivalen i samråd med produsent, programråd og NFFs administrasjon. Me søkjer ein person som har arrangementserfaring, høg gjennomføringsevne og stort engasjement for litteraturformidling. Budsjettansvar og rapportering inngår i stillinga. Stillinga omfattar ca. 150 arbeidstimar i tidsrommet 1.4.18–1.4.19.

Løn etter avtale.

Les meir om festivalen på Facebook.

Nærmare opplysningar:

Produsent Berit Rusten: 932 29 162.

Formidlingsansvarleg i NFF, Kristine Isaksen: 22 12 11 48 / 952 01 968.

Send søknaden din på e-post til kristine.isaksen@nffo.no innan 20. februar. 

Menu