Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening

november
25.

Medlemsmøte på Lillehammer

Velkommen til medlemsmøte på Lillehammer 25. november! Vi har nå åpnet for påmelding.

Agnete øye
Agnete Øye står for kveldens foredrag under medlemsmøtet på Lillehammer.

Trass i at 2020 er eit annleis år, tek me sikte på arrangera medlemsmøte i Innlandet denne hausten òg.

Hald deg orientert om dei viktigaste sakene i foreininga, høyr Agnete Øye fortelja om arbeidet sitt med å omsetja Hannah Arendt, og møt gode vener og kollegaer til middag og forfriskingar.

Møtet skal vera på Fabrikken Pub og Scene på Lillehammer (Løkkegata 9) onsdag 25. november kl. 18.00. Fabrikken ligg om lag 10 minutts gonge frå Lillehammer stasjon. Det skal vera nokre parkeringsplassar for gjester inne på eigedomen, elles kan ein parkera på Lurhaugen, der det er gratis å stå etter kl. 17.00.

Fabrikken fylgjer dei råda og pålegga om smittevern som gjeld til kvar tid. Dei desinfiserer jamleg stolar, bord og dørhandtak o.l. og har stasjonar med handsprit ståande i fellesareala. Det blir bordsete med koronaavstand.

Arrangementet er gratis. Tilreisande må sjølv leggja ut for reise og eventuell overnatting. Påmeldinga er bindande på grunn av matbestillinga. Meld frå så tidleg som råd er, dersom du vert hindra frå å koma. Om du ikkje melder frå, er gebyret kr 500.

Ta kontakt med regionkontakt Kristin Fridtun kristin.fridtun@gmail.com, mobil: 905 68 741 dersom du har praktiske spørsmål eller om du må melda avbod etter at påmeldingsfristen er gått ut.

Program

Kl. 18.00: Velkomen og nytt frå NFFO ved generalsekretær Arne Vestbø. Val av regionkontaktar.

Kl. 18.30: Føredrag ved Agnete Øye. Ho er ein av dei fremste omsetjarane våre og har mellom anna omsett Om fotografi av Susan Sontag, Etter teorien av Terry Eagleton og Litteraturens etikk. Følelser og forestillingsevne, av Martha C. Nussbaum.

Nyleg omsette Øye åtte essay av Hannah Arendt til boka Politikk i dystre tider (utval ved Rune Slagstad). Det er dette arbeidet ho skal fortelja om på møtet. Kva inneber det å omsetja ein filosof som hadde tysk som morsmål, men som ofte skreiv på eit språk ho måtte læra seg i vaksen alder? Og kva skal ein gjera med alle sitata på gresk?

Kl. 19.00: Middag frå Bellmans Hager, med vin til.

Er du allergikar eller ynskjer vegetarmat, må du melda frå om det når du melder deg på.

Hjarteleg velkomen!

Påmeldingsfristen er satt til 18. november.

Slik melder du deg på:

  1. Logg deg inn i søknadsportalen Min side og klikk på fanen Mitt medlemskap. Som medlem har du automatisk tilgang til medlemsportalen Mitt medlemskap fra Min side.
  2. Inne i medlemsportalen klikker du på fanen Påmelding.
  3. Velg arrangementet du ønsker å delta på ved å klikke på Meld på. Fyll ut påmeldingsskjemaet og avslutt med å klikke på den grønne Meld meg på-knappen.

Usikker på om påmeldingen din ble korrekt registrert? Fortvil ikke! Du vil motta en automatisk påmeldingsbekreftelse på e-post. Du vil også kunne se påmeldingen din under fanen Arrangement .

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med noen tredjepart. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.