Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening

november
3.

Medlemsmiddag på Lillehammer

Velkomen til medlemsmøte på Lillehammer onsdag 3. november.
Hald deg orientert om dei viktigaste sakene i foreininga, høyr Agnete Øye fortelja om arbeidet med å omsetja den store tenkjaren Hannah Arendt, og møt gode vener og kollegaer til middag og forfriskingar.

Agnete øye
Det blir føredrag ved Agnete Øye under medlemsmiddagen på Lillehammer.

Møtet skal vera på Fabrikken Pub og Scene på Lillehammer. Fabrikken ligg om lag 10 minutts gonge frå Lillehammer stasjon. Det skal vera nokre parkeringsplassar for gjester inne på eigedomen, elles kan ein parkera på Lurhaugen, der det er gratis å stå etter kl. 17.00.
Fabrikken fylgjer dei råda og pålegga om smittevern som gjeld til kvar tid. Dei desinfiserer jamleg stolar, bord og dørhandtak og liknande og har stasjonar med handsprit ståande i fellesareala.

Meld deg på innan 20. oktober!

Klikk her for påmelding, under fanen Mitt medlemskap

Arrangementet er gratis. Tilreisande må sjølv leggja ut for reise og eventuell overnatting. Påmeldinga er bindande på grunn av matbestillinga. Meld frå så tidleg som råd er, dersom du vert hindra frå å koma. Om du ikkje melder frå, er gebyret kr 500.

Ta kontakt med regionkontakt Kristin Fridtun (kristin.fridtun@gmail.com, mobil: 905 68 741) dersom du har praktiske spørsmål eller må melda avbod etter at påmeldingsfristen er gått ut.

Program

Kl. 18.00: Velkomen og nytt frå NFFO ved styreleiar Aage Borchgrevink. Val av regionkontaktar.

Kl. 18.30: Føredrag ved Agnete Øye. Ho er ein av dei fremste omsetjarane våre og har mellom anna omsett Om fotografi av Susan Sontag, Etter teorien av Terry Eagleton og Litteraturens etikk. Følelser og forestillingsevne av Martha C. Nussbaum.

Øye har dei siste åra omsett ei rad essay av Hannah Arendt, m.a. til bøkene Politikk i dystre tider (2019, utval ved Rune Slagstad) og Men in Dark Times (komande), der ho og kollega Hedda Vormeland omset nokre essay kvar. Kva inneber det å omsetja ein filosof som hadde tysk som morsmål, men som ofte skreiv på eit språk ho måtte læra seg i vaksen alder? Og kva skal ein gjera med alle sitata på gresk?

Kl. 19.00: Julebordbuffé frå Bellmans Hager, med drikke til.

Er du allergikar eller ynskjer vegetarmat, må du melda frå om det når du melder deg på.

Hjarteleg velkomen!

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med noen tredjepart. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.