mars
9.

NFFOs årskonferanse og årsmøte 2024

Meld deg på NFFOs årsmøte!

Hub

Fristen for å melde saker til årsmøtet er gått ut. Fristen for påmelding til årskonferansen inkludert årsmøtet er nå gått ut. Du kan fremdeles melde deg på til årsmøtet på lørdag 9. mars. Fristen er 26. februar.

Har du ikkje høve til å delta på møtet, kan du gi eit medlem som er til stades skriftleg fullmakt til å stemme for deg. Eit medlem kan berre ha 1 – ein – fullmakt. Fullmakter skal leverast og godkjennast av fullmaktskomiteen 9. mars. før årsmøtet tek til.

Program

Laurdag 9. mars:

10.00–11.00: Registrering og kaffi/te.

11.00–11.05: Velkommen ved styreleiar Aage Borchgrevink.

11.05-11.55: Panelsamtale: Livslang læring. Om mellom anna viktigheita av oppdatert kunnskapslitteratur i samfunnet. Den aktuelle stortingsmeldinga “Kunstnarkår” som definerer sakprosaforfattarar som “aktørar i kunstens randsone”. Fakta i ei digital tid med kunstig intelligens. Leseferdigheitene til barn og unge.

Panel: Tage Pettersen, stortingsrepresentant i Familie- og kulturkomiteen for Høgre, Hege Munch Gundersen, direktør i Kopinor, og Arne Vestbø, generalsekretær i NFFO.
Ordstyrar: Mah-Rukh Ali forfattar og varastyremedlem i NFFOs styre.

12.00–13.00: Årsmøtet startar.

13.00–14.00: Lønsj.

14.00–15.00: Årsmøtet held fram.

15.00–15.30: Pause.

15.30–17.30: Årsmøtet held fram og blir avslutta kl. 17:30.

17.30: Utdeling av nøkkelkort til dei som er påmeldte med overnatting.

17.30–19.00: Pause

19.00–19.30: Aperitiff

19.30: Festmiddag

Fest! DJ sørgjer for god stemning med danseglade rytmar.

Søndag 10. mars:

11.00-11.45: To parallellseminar:

1: Innleiing om kunstig intelligens og opphavsrett ved generalsekretær Arne Vestbø (ca. 10 min.)
Minikurs: Slik knekker du ChatGPT-koden ved Per Kristian Bjørkeng.

Er ChatGPT berre for vidaregåande-elevar som vil jukse? Nei. Men korleis kan me nytte han til viktige ting? Per Kristian Bjørkeng er sakprosaforfattar og teknologijournalist i Aftenposten. Boka hans Knekk ChatGPT-koden (Kagge 2023) handlar om korleis me kan få utbyte av denne kraftige, fascinerande og upålitelege teknologien – utan at me sjølv går i baret. Til årsmøtet kjem han for å fortelje om korleis chatboten kan nyttast som verkty i skriveprosessen.

2. Føredrag ved Janne S. Drangsholt: «Formidling eller publisering: Er dét spørsmålet?»

Janne Stigen Drangsholt er forfattar og professor i engelsk ved Universitetet i Stavanger, og vil i dette foredraget snakke om spagaten mellom å formidle og publisere som mange akademikarar står i. Er det slik at ein må velje eller går det an som akademikar å gjere begge deler – med sjølvrespekten intakt?

11.45–12.00: Pause

12.00–13.00:

To parallellseminar:

1: Held fram: Minikurs: Slik knekker du ChatGPT-koden ved Per Kristian Bjørkeng.

2: Føredrag: Kræsjkurs i økonomi for skribentar ved Paal Stavrum. Sjukepengar, forsikringar, NAV. Korleis sikre seg sjølv økonomisk når du er forfattar og/eller omsetjar?

Paal Stavrum er lærar og gründar bak miniforetak.no, og har jobba med opplæring for de minste bedriftane sidan 2005. Mange NFFO-arar kjenner han som forfattar av “Skribentpakken”, som han har skrive i lag med Otto Risanger og alle medlemmer har tilgang på i medlemsportalen.

13.00–14.00: Lønsj

Praktisk informasjon

Påmelding
Påmeldingsfristen til årskonferansen er diverre gått ut. Ønskjer du å melde deg på årsmøtet (lunsj på laurdag er inkludert) kan du det fram til 26. februar.

Du må først logge deg inn i medlemsportalen Mitt medlemskap for å kunne melde deg på. Sjå instruksjonar for innlogging nedanfor.
Meld deg på her til årsmøtet, inkludert lunsj Påmeldingsfrist: 26. februar. Gratis.

For deg som skal delta på årskonferansen: Merk at innsjekk på hotellet først er etter årsmøtet kl. 17:30 på laurdagen. Ønskjer du tidlegare innsjekk, må du sjølv tinge dette hos hotellet. NFFO betalar ikkje for tidleg innsjekk. Dersom du ønskjer tilleggsovernattingar, må du også ta direkte kontakt med hotellet.
Ved fråfall utan sjukmelding vil deltakaravgifta ikkje bli refundert.

Skal du dele dobbeltrom med din kjære som også er medlem? Då vel ein av dykk alternativ 2 og ein av dykk alternativ 3 med betalingskategori “medlemmer dobbeltrom”. Oppgradering frå enkeltrom til dobbeltrom er kr. 300,– Hugs å informere om kven de skal dele rom med. Dette blir gjort i fritekstfeltet “Har du matallergier eller noe annet du ønsker å gi beskjed om?”

Tinging av reise/refusjon av reiseutgifter:

Deltakarane må sjølve tinge reise. Føresetnadane for å få refunderte reisekostnadane er at deltakarane har lagt vinn på å skaffe rimelege billettar og har delteke på årsmøtet.

Reisekostnadar over kr 300 og opp til kr. 4000 vil bli refunderte. Utgiftene blir refunderte etter billigaste reisemåte. Drosjerekningar vil ikkje bli refunderte med mindre dette er avklart på førehand med administrasjonen. Deltakarar som nyttar eigen bil får statens sats for bilgodtgjering.

Deltakarane får berre dekt reiseutgifter frå bustadsadresse, og det vil bli trekt ein eigendel på kr. 300.

Har du spørsmål? Ta kontakt med seniorrådgjevar Camilla Marie Widholm på 22 12 11 40 eller camilla@nffo.no

Uviss på om påmeldinga di blei registrert? Under “Arrangement – oversikt” i medlemsportalen har du oversikt over dei registrerte påmeldingane dine (både til framtidige og tidlegare arrangement). Er du påmeldt vil arrangementet vere markert med grønt under biletet til arrangementet.

Velkommen skal du vere! Vennleg helsing alle oss i NFFO.

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.