Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening

oktober
23.

Prosalong i Bergen: Generasjon livsmeistring

Med bøker som Den terapeutiske kultur, Generasjon prestasjon og den nyaste, Livsmestring på timeplanen – rett medisin for elevene? har filosof og psykolog Ole Jacob Madsen i fleire år tatt del i debatten rundt psykologiseringa av samfunnet.

Prober

Individualiserer psykologien det som eigentleg er strukturelle problem, og er dette med på å gjere menneske sjuke i staden for å gi innsikt som kan endre samfunnet? Er livsmeistring rett medisin for skoleelevar som no skal ha det inn i alle fag? Og kva er eigentleg «generasjon prestasjon»?
Møt forfatteren i samtale med Grethe Fatima Syéd.

LitFestBergen i samarbeid med NFFO.

Gratis (påmelding)

Samtalen blir òg vist på LitFestBergens YouTube-kanal. Følg denne lenka for å sjå sendinga.

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med noen tredjepart. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.