februar
27.

Prosalong i Oslo: Etikk i sakprosaen

Treng norske sakprosaforfattarar og forlag etiske retningsliner, på lik line med journalistar og aviser? Me tek debatten med tre sentrale aktørar.

Collageoslo1
Simen Sætre (fv.), Bjørn Olav Jahr, Tuva Ørbeck Sørheim og Åshild Eidem.

Forfattar og journalist Simen Sætre skriv i Prosa nr. 6/18 «om forlagas etiske føleri» at journalistikken er modigare enn sakprosaen fordi journalistikken har eit nedfelt etisk regelverk å halde seg til (Vær Varsam-plakaten). Bøkene er meir konvensjonelle, mindre eksperimentelle og kan gjere stor skade på tredjepersonar – vanlege menneske som risikerer å bli utleverte – utan at dei har rett på «samtidig imøtegåing», hevdar Sætre.

Møt sakprosaforfattarar og forleggjarar til samtale om uskrivne reglar i sakprosaforleggjeriet og vanskelege etiske val i skrivinga. Kan formulerte retningsliner vere eit gode?
Med Simen Sætre, Tuva Ørbeck Sørheim og Bjørn Olav Jahr.
Ordstyrar: Åshild Eidem.

Dørene opnar kl. 18:30.
Snille innkjøpsprisar i baren – og gratis inngang!

Meld gjerne di interesse for arrangementet på Facebook

Simen Sætre er sakprosaforfattar og journalist i Morgenbladet. Siste bok: Fjordman. Portrett av en antiislamist (Cappelen Damm 2013).
Tuva Ø. Sørheim er sjefredaktør i Kagge Forlag og står bak sakprosasatsinga til forlaget.
Bjørn Olav Jahr er sakprosaforfattar og sakprosaredaktør i Gyldendal. Siste bok: Drapene i Baneheia. To historier, en sannhet (Pitch forlag 2017). Han har markert seg som ein viktig true crime-forfattar, også i TV-seriesjangeren.
Åshild Eidem er sakprosaforfattar. Siste bok: Arven etter far. Fillerya som ble en stor skole, sammen med Laila Bokhari (Gyldendal 2017).
Spørsmål? Kontakt formidlingsansvarleg i NFFO, Kristine Isaksen, på kristine.isaksen@nffo / 952 01 968.

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.