januar
31.

Prosalong i Oslo: Norsk tradisjonsstrikk

Strikkecollage

Korleis forvalte strikkearven best mogeleg? Må me eigentleg ta vare på alt? Kva kjenneteiknar norske kofte- og mønstertradisjonar og på kva måtar lev dei vidare i dag? Forfattarane Kristin Holte og Wenche Roald har vidareført tradisjonsstrikk på ulikt vis i bøkene sine. Til dømes finst det i den siste boka til Roald eit opptrykk av ei anna bok, nemleg Annichen Sibbern Bøhns klassikar frå 1929: Norske strikkemønstre.

Møt forfattarane Wenche Roald og Kristin Holte i samtale.
Ordstyrar: Merete Jansvik aka strikkebloggar Monstermønster

Tid: torsdag 31. januar. Kl. 19:00-20:30. Dørene opnar kl. 18:30.
Stad: Uranienborgvegen 2, i lokala til NFFO.
Snille innkjøpsprisar i baren.
Gratis adgang! Ta med strikketøyet! Utlodding av strikkebøker!

Meld gjerne di interesse for arrangementet på Fjesboka

Wenche Roald er strikkedesignar. Siste bok: Inspirerende norske strikkemønstre (Font forlag, 2019) som også inneheld Annichen Sibbern Bøhns strikkebok-klassikar Norske strikkemønstre (1929).

Kristin Holte er master i tradisjonskunst og yrkesfaglærar i design & handverk. Siste bok: Krotekofter (Forlaget Press 2017).

Merete Jansvik er kjend som strikkebloggaren Monstermønster. Ho er medlem av Vottelauget, som har skrive boka Eventyrvotter (Aschehoug 2015).

Spørsmål? Kontakt formidlingsansvarleg i NFFO, Kristine Isaksen, på kristine.isaksen@nffo / 952 01 968.

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.