november
30.

Prosalong på Lillehammer: Den nye fisken

Møt Simen Sætre og Kjetil Østli i samtale med Astrid Sverresdotter Dypvik.

Banner den nye fisken

Då vi tamde villaksen og sette den nye fisken ut i naturen, byrja store ting å skje. Stader langs kysten fekk nytt liv, folk fekk arbeid, og fleire vart milliardærar. Staten såg på det som eit eventyr – og velsigna framhaldet.

Forfattarane Simen Sætre og Kjetil Østli skapte høge bølgjer med ein artikkelserie i Morgenbladet og Harvest.no om laksenæringa. No teiknar dei eit større bilete, i ei bok som femner heile forteljinga om oppdrettslaksen.

Dei spør blant anna: Kva skjer om ein plasserer eit nytt dyr i fjorden? Korleis påverkar det dei andre fiskane og artane, fjordane og elvane? Kva skjer med forskarane som ropar varsku, med dyrevelferda, føre var-prinsippet og skattepolitikken når styresmaktene ønskjer vekst? Forfattarane skriv om dei utilsikta konsekvensane av den fantastiske oppfinninga, laksen. Dei underlege, provoserande, oppsiktsvekkjande, mektige og tragiske følgjene. Dette er oppdrettslaksen si historie. (Kjelde: Spartacus forlag)

Tysdag 30. november kl. 19.00 – på Litteraturhus Lillehammer

Boksal ved Norli Storgata 61 – og signering ved forfattarane etter arrangementet.

Gratis inngang. Ope for alle.

Om du ønskjer å reservera sitjeplass, kan du gjera det via GD Billett (10 kr/billettavgift). Elles er det berre å møta opp i døra utan billett.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Litteraturhus Lillehammer og NFFO – Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.