august
25.

Prosalong på Lillehammer: Med berre nevane – Siri Helle og Eivind Falk

Banner prosalong siri helle
Foto: Frode Grimelid.

Vi menneske har alltid brukt hendene våre til å skapa verda rundt oss. Heilt fram til no. I dag har vi gått frå å vera praktikarar til teoretikarar, frå å vera produsentar til konsumentar. Kva skjer med oss når vi ikkje lenger brukar hendene? Kva skjer med samfunnet?
Siri Helle arva ei hytte på 25 kvadratmeter, utan straum, utan innlagt vatn – og utan utedo. Utedoen bestemte ho seg for å laga sjølv, litt som ein protest, men mest for å finna ut om ho kunne.
På vegen tilbake til sine eigne hender lét Siri Helle seg inspirera av andre menneske som på ulike måtar finn glede, meining og i nokre tilfelle levebrød i å skapa med hender og kropp. Dette skriv ho om i boka Med berre nevane – eit forsvar for praktisk arbeid (2020).
Det er ei historie om å bygga eit lite – men heilt naudsynt – hus på eiga hand og kjenna ei intens meistringsglede over å gjera ting sjølv.
Møt Siri Helle i samtale med Eivind Falk, spikkemeister og direktør for Norsk håndverksinstitutt.

Siri Helle er utdanna agronom i økologisk landbruk frå Sogn jord- og hagebruksskule og arbeider som skribent og journalist, mellom anna i Dag og Tid, og som snikkarassistent og geitebudeie. Ho har tidlegare gjeve ut bøker om matproduksjon, jordbruk og forbrukarmakt: Matmakt på butikken, Handle rett og Skal landet gro att – korleis berge norsk landbruk. Ho er no aktuell med Med berre nevane – eit forsvar for praktisk arbeid, som har fått strålande mottaking.
Eivind Falk er direktør for Norsk håndverksinstitutt, Senter for immateriell kulturarv, på Lillehammer. Eivind Falk er forfattar av to bøker om spikking, mellom anna Den store spikkeboka (2019). Han er òg teiknar og illustratør. Han har utdanning i bedriftsøkonomi så vel som i folkekunst frå Høgskolen i Telemark.
Gravdahl bokhandel kjem til å selja bøker, og forfattarane signerer.
Av smittevernomsyn er talet på plassar avgrensa. Vi ber om at du tingar gratisbillett på førehand via GD Billett. Om det er ledige plassar, kan du òg møta opp i døra, men då må du legga att namn og kontaktinfo.

Vel møtt!
Gratis inngang.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Litteraturhus Lillehammer og NFFO.

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.