Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening

27 millioner til Bokåret 2019

5. desember var ein god dag for det litterære Noreg. 27 millonar kroner er delte ut for å skape leselyst i Bokåret 2019.

Bokåret 2019
Kulturminister Trine Skei Grande, nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre og prosjektleder for Bokåret 2019, Liv Guldbrandsen. Foto: Nasjonalbiblioteket

Nasjonalbiblioteket fordeler no 27 millionar kroner til bibliotek og andre institusjonar som skal formidle leseglede i Bokåret 2019. 500 bibliotek får støtte til å gjennomføre til saman 1 500 arrangement i løpet av bokåret.

– Med det store bokåret satsar vi på tiltak som styrkjer leselysta og lesegleda. Gjennom heile 2019 skal arrangement og prosjekt skape entusiasme og iver for lesing over heile Noreg. Det store engasjementet Nasjonalbiblioteket opplever tyder på at vi går eit spennande bokår i møte, seier kulturminister Trine Skei Grande i ei pressemelding.

Nasjonalbiblioteket fekk inn søknader for nær 70 millionar kroner til ulike lesetiltak.
– Den store søkjarmassen viser at det er stor interesse for bokåret, og søknadane syner at det er stor entusiasme og kreativitet rundt fremjing av leseglede i Noreg. Dette lovar godt for bokåret, seier prosjektleiar for Bokåret 2019 Liv Gulbrandsen.
15 millionar av dei tildelte midla går til folke- og fylkesbibliotek over heile landet, medan 12 millionar går til leseorganisasjonar, litteraturinstitusjonar og andre som ynskjer å markere Bokåret 2019. Prosjekta som får støtte skal skape interesse og begeistring for bøker, litteratur og lesing.

Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening var blant dei som mottok støtte, for prosjektet Velkommen til virkeligheten! NFFO er også ein av arrangørane av Oversatte dager, som fikk 100 000 kroner i støtte.

Planane om Bokåret 2019 blei lagt fram av kulturministar Trine Skei Grande tidligare i år. Alt i alt skal Nasjonalbiblioteket løyve 30 millionar til arrangement og leselystprosjekt i bokåret, som vil starte med høgtlesing over heile Noreg i midten av januar.

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med noen tredjepart. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.