Den norske draumen

– Men medan ei sterk fagrørsle har gjort eksport av olje og fisk til velstand for dei mange i Noreg, så er det framleis slik i kulturnæringa at innhaldsprodusentane tar størst risiko og sit igjen med minst, skriver Merete Røsvik, redaktør i Prosa.

Mereter lite

Årets femte utgave av tidsskriftet Prosa er nå i sirkulasjon.
Her følger redaktør Merete Røsviks leder:

Noreg er ein open økonomi: Vi er avhengige av vareimport, men eksporten er så stor at vi går godt i pluss. Rett nok har handelsoverskotet visse skuggesider: «Fredsnasjonen» Noreg, som meklar i internasjonale konfliktar og deler ut Nobels fredspris, eksporterte våpen for 5,8 milliardar kroner i 2018. Og vi veit alle kva norsk olje og gass gjer med atmosfæren. Men éi eksportvare kan vi vere udelt stolte av: norsk litteratur.

I Litteraturpolitikkens verktøykasse. Den norske modellen (Pax 2019) gir Helge Rønning og Tore Slaatta god oversikt over dei juridiske, næringspolitiske og kulturpolitiske verkemidla som har gitt grobotn for ein litteratur med høg kvalitet. At norske bøker gjer suksess utanskjers, er også resultat av ei strategisk satsing som Trond Andreassen, tidlegare generalsekretær i NFFO, har sin del av æra for. Noregs status som gjesteland ved bokmessa i Frankfurt i år er slik eit synleg resultat av det fruktbare samspelet mellom offentlege institusjonar, interesseorganisasjonar og kommersielle aktørar.

Men medan ei sterk fagrørsle har gjort eksport av olje og fisk til velstand for dei mange i Noreg, så er det framleis slik i kulturnæringa at innhaldsprodusentane tar størst risiko og sit igjen med minst. Trass i at – og fordi – litteraturen er både kunnskaps- og arbeidsintensiv.

Hilde Østby skriv i dette nummeret av Prosa om kva det har kosta henne å drive marknadsføring av eiga bok i utlandet. Historia er nok ikkje representativ for alle, men Østbys mangfaldige erfaring som frilans språkarbeidar synleggjer korleis bokbransjen har gjort seg avhengig av at fleire ledd i kjeda aksepterer dårlege vilkår. At nesten-gratis innsats blir forventa, kjem nok av at ein veit kor avgjerande publisitet og erfaring er i denne bransjen. Avgrensa oppdrag som bokmeldingar og juryarbeid blir sett på som bigesjeft. Om ein vil leve av pennen, må ein legge mykje i potten i håp om å vinne både pengar og status til slutt. Det er The American Dream i norsk tapping.

I Prosas siste enquete svarar alle dei spurde at marknadsføringa av norsk litteratur i utlandet både bør formidle breidda og satse på «spydspissane». Ein kan lure på om det er symptomatisk for ein bransje som er van med at staten har råd til alt, eller om det er av rettferdsomsyn ein vil spreie innsatsen på flest mogeleg. Statistikk frå NORLA viser at tanken om å ta vare på breidda står sterkt: I 2018 vart det gitt støtte til 639 omsetjingar. Tolv søknader fekk avslag.

Når norske forleggarar vel bøker for omsetjing til norsk, ser dei etter bestseljarar. Bokstraumen som går frå oss og ut, er styrt av andre mekanismar. NORLA vel nokre titlar til særskild satsing. Andre kan søke om støtte til omsetjarar, forlag/agentur og arrangørar. Forfattarane får berre dekt reiseutgifter og må elles forsørgje seg sjølv den tida bokpromoteringa tar. Dei fleste vil likevel bli glade for invitasjonar frå utlandet. Spørsmålet er om dei utanlandske forlaga i alle tilfelle gjer godt nok forarbeid til å få noko ut av den sponsa satsinga. Det er ikkje god bruk av offentlege midlar om bøkene endar som listefyll, og salsinntektene blir også minimale.

Som debatten rundt Kulturrådets nye krav til minstesatsar for honorering av tidsskriftskribentar har vist, er det bekymring i kulturlivet for korleis det skal gå om skribentar skal ha rett til løn på nivå med andre. Her gjeld det å halde på både realitetsorienteringa og prinsippa: Vi kan ikkje oversjå at somme kulturinitiativ vil gå under utan ei viss dugnadsånd, men vi kan heller ikkje akseptere at kommersielle aktørar som nyt godt av statlege støtteordningar, krev nesten-gratisarbeid.

Frilansarar i kulturbransjen er avhengige av velvilje hos oppdragsgivarane, så mange er redde for å stille krav og ytre kritikk offentleg. NORLA bør difor følgje Kulturrådet i å krevje at søknader om støtte tar inn omsynet til forfattarøkonomien. Forfattarar har faste utgifter som alle andre – og det er deira arbeid som nærer draumen om at nye marknader skal opne seg.

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.