NFFO 40 år

Den utrulege tida

På ei badestrand i Drøbak planla Bjørn Bjørnsen og Ketil Lund oppstarten av NFFO.

Nffo bj├©rn bj├©rnsen 016 20180313crp800

Det starta med ei bok. I 1977 gav sakprosaforfattar Bjørn Bjørnsen ut boka Det utrolige døgnet på Gyldendal forlag. På 310 sider skildra Bjørnsen invasjonen av Noreg 9. april 1940, plass for plass, minutt for minutt. Boka var skriven medrivande og engasjerande, ho var kontroversiell og omdiskutert og blei ein bestseljar i bokhandlane. Det utrolige døgnet kom dessutan i bokklubb og blei lånt mykje ut ved biblioteka. Men som sakprosabok hamna ho utanfor dei økonomiske vederlagsordningane.

Dei skjønnlitterære forfattarane hadde på denne tida forhandla fram ei ordning der fire prosent av royaltyinntektene til bøker som blei selde gjennom bokklubbar, skulle gå til eit såkalla Solidaritetsfond. Den norske Forfatterforening (DnF) administrerte dette fondet, og frå dette fondet kunne forfattarar som ikkje var så heldige å få bøkene sine selde gjennom bokklubbar, søke støtte. Men berre om dei var medlemmer av DnF.

Bjørn Bjørnsen kontakta foreininga og leiar Camilla Carlson og ville melde seg inn, men fekk beskjed om at han ikkje kunne søke medlemskap fordi han ikkje skreiv skjønnlitterært:

– Det måtte vel bety at eg skulle vere med på å finansiere ei foreining som ikkje ville ha meg som medlem, fann eg ut, fortel Bjørn Bjørnsen, no 40 år seinare.

Bjørnson gjekk irritert frå møtet med Camilla Carlsson. Han oppdaga snart endå fleire ting å irritere seg over:

– Under arrangement i biblioteka fekk eg vite at det var ventelister på bøkene mine. Men også bibliotekvederlaga var berre for dei skjønnlitterære forfattarane. Og royaltyen for sakprosa var betydeleg lågare enn for bøker med «roman» på omslaget. Eg kjende meg utnytta både av forlag og forfattarkollegaer, seier Bjørnsen.

Møte på stranda
Løysinga gav seg sjølv. Det fanst inga foreining for norske sakprosaforfattarar. Bjørn Bjørnsen måtte lage henne sjølv. Rykta om Bjørnsens planar spreidde seg. Dåverande advokat hos regjeringsadvokaten, Ketil Lund, møtte historikar og sakprosaforfattar Hans Fredrik Dahl i ei kolonialforretning i Ullernchausseen i Oslo. «Bjørnsen er fly forbanna og vil lage ny foreining», forklarte Dahl og foreslo at Lund tok kontakt. Lund var nemleg lei av regjeringsadvokatembetet, han ville starte eigen praksis og ville svært gjerne samarbeide med ei nyskipa forfattarforeining for sakprosaforfattarar. Lund tok straks kontakt med Bjørnsen og drog heim til han i Drøbak for å snakke om saka. Det var ein varm forsommardag, og dei bestemte seg for å gå ut på ei lokal strand og diskutere saka der, minnest Lund i dag:

– Det var ein flott dag, så vi gjekk ned på stranda og sat lenge i sola og snakka om denne nye foreininga og blei samde om at det ganske snart burde kallast inn til eit førebuande møte. Bjørnsen er særs energisk og veldig flink til å setje i gang ting, han hadde masse kunnskap og kontaktar, og det gjekk ikkje mange vekene før vi var i gang, fortel Ketil Lund.

Bjørnsen hadde nemleg allereie ei skoeske med namn på potensielle medlemmer. Ein ringe- og skriverunde blei raskt til ei stor gruppe interesserte, mellom dei Berit Eriksen, Magne Skodvin, Nils Christie, Hans Fredrik Dahl og Hjalmar Munthe-Kaas Lund. Ikkje lenger etter blei også Finn Jor, Bitten Modal, Marit Christiansen, Natasha Heinz og Per Øyvind Heradstveit med i dei uformelle sonderingane. Bjørnsen leigde då Samfunnssalen i Oslo og inviterte til eit ope møte for moglege medlemmer i den førebels namnlause foreininga for sak- og fagbokforfattarar. Parallelt kalla han inn til pressekonferanse for å fortelje offentlegheita om planane.

«Ny forening for fagbok-forfattere», melde Aftenposten den 15. september 1977. «Vi ønsker å etablere en noenlunde sikker plattform for folk som for kortere eller lengre tid vil leve av sin penn uten å skrive skjønnlitterært», sa Nils Christie til Aftenposten på pressekonferansen. Ei veke seinare møtte 70 fagbokforfattarar til det første planleggingsmøtet. Møtet valde eit interimstyre og vedtok å kalle inn til det offisielle konstituerande årsmøtet for den nye foreininga til våren.

Sarkofagar
Alt før dette første årsmøtet fekk den nye organisasjonen installere seg hos Dreyer forlag i Arbiens gate 7, i enkle lokale med do på gangen. Ketil Lund etablerte eige advokatkontor i det same lokalet og arbeidde parallelt som sjølvstendig advokat og juridisk rådgjevar for den nye foreininga. Lund og den nye foreininga tilsette Inger-Sophie Hølmebakk som felles kontorsjef og sekretær. Hølmebakk måtte halde styr på alt frå Bjørnsens skoeske med namn til den ganske samansette kundegruppa til advokat Lund. Lund var mellom anna advokat for Norges Naturvernforbund i Alta-saka og for psykiatriske pasientar som ville ut av tvangspsykiatrien, eller som ville krevje erstatning av staten etter å ha vore innesperra på Reitgjerdet sykehus i årevis. Aksjonerande samekvinner, kampvillige psykiatrioffer og nyfrelste sakprosaforfattarar svirra i gangane.

Den 28. april 1978 var det endeleg konstituerande årsmøte. «Sak- og fagbokforfatternes forening» hadde det stått på kontordøra før årsmøtet. Men klimaet mellom denne nye organisasjonen og DnF var så iskaldt at dei skjønnlitterære forfattarane straks hadde døypt om organisasjonen til «Sarkofagene». Årsmøtet valde derfor heller Norsk faglitterær forfatterforening som endeleg namn. Alle medlemmer som hadde betalt kontingent innan 14. april, kunne stille på møtet; 60 medlemmer møtte fram i Apolloniasenteret i Kronprinsens gate 9. Per Øyvind Heradstveit, NRK-namn og landets mest kjende ordstyrar på det tidspunktet, leia møtet. Bjørn Bjørnsen blei ikkje overraskande vald som den første leiaren i foreininga. Strengt tatt var han alt i gang som det. Interimstyret hadde blitt involvert i forhandlingar med staten, NFF var blitt godkjend som forhandlingspartnar alt før organisasjonen var formelt oppretta.

Med etablering i 1978, midt under den store politiske vekkinga som heimsøkte landet vårt i dei dagar, var det også mykje juridisk og organisatorisk arbeid som blei lagt ned for å unngå eit eventuelt AKP-kupp av den ferske organisasjonen:

– Vi diskuterte mykje korleis vi skulle forme vedtektene for å unngå eit AKP-kupp. Dei hadde jo alt erobra den skjønnlitterære foreininga. Men det kom aldri noko kuppforsøk. Vi var nok litt paranoide, fortel Lund i dag.

Ikkje laug
Årsmøtet bestemte dessutan at organisasjonen ikkje skulle vere noko laug, slik mange oppfatta DnF. Døra skulle vere høg og porten vid, alle sakprosaforfattarar skulle kunne bli medlemmer:

– Dette skulle vere ei fagforeining, ikkje eit laug. Det måtte nedfelle seg i medlemskapskriteria. Ein søker ikkje om medlemskap i ei fagforeining, dei som har behov for det, melder seg inn. Vi ville til dømes ha ei låg grense med omsyn til sidetal for å kunne bli medlem. Eg hugsar vi diskuterte kor mange sider Einstein eigentleg hadde brukt på å grunngje e=mc2, ler Lund

Den nye organisasjonen prøvde å kome på talefot med den veletablerte skjønnlitterære foreininga, og Bjørnsen og Lund hadde fleire møte med dei. Men det var ikkje lett. Sakprosaforfattarane meinte at når biblioteka kjøpte inn både fagbøker og skjønnlitterære bøker, var det tjuveri om dei skjønnlitterære forfattarane fekk heile vederlaget. Dei skjønnlitterære meinte derimot at dette vederlaget i si tid var innført som eit kulturpolitisk tiltak for å hjelpe norske kunstnarar, og at det ville vere tjuveri om reine fagbokforfattarar skulle ta frå dette vederlaget.

Men sakprosaforfattarane hadde meir enn argument. Dei hadde også gode kontaktar. Dåverande kyrkje- og undervisningsminister Kjølv Egeland hadde tilfeldigvis vore klasseforstandaren til Bjørn Bjørnsen på St. Svithuns skole i Stavanger:

– Han var alltid interessert i dei tidlegare elevane sine, han inviterte på kaffi og opna døra til ekspedisjonssjef Johs Aanderaa, kulturpolitikkens far og vaktar, mimrar Bjørnson.

Aanderaa var arkitekten bak den nye kulturpolitikken i 1970-åra, først gjennom dei to kulturmeldingane som etablerte det utvida kulturomgrepet, og deretter gjennom den såkalla Kunstnarmeldinga frå 1976, som gav norske kunstnarar forhandlingsrett i spørsmål om vederlag. Same året var bibliotekvederlaget for første gong blitt fast post på statsbudsjettet. Men altså førebels berre med utbetalingar til skjønnlitterære forfattarar. Aanderaa forklarte at dette vederlaget hadde som kulturpolitisk grunngjeving å støtte opp om norsk skjønnlitteratur. Men han meinte at sakprosaforfattarane nok kunne få krav på ein mindre del, i det minste for verk som låg i grenselandet mot skjønnlitteraturen. Bjørnsen ser i ettertid dette som eit første gjennombrot for den nye organisasjonen:

– Vi kravde likestilling med dei skjønnlitterære forfattarane og ville ha vederlag basert på faktisk bruk i biblioteka. Det kunne vi sjølvsagt ikkje få. Staten hadde berre budsjett for skjønnlitteratur, vi fekk vere nøgde med restane. Aanderaa lova ingenting, men han heldt døra open. Noko ville vi oppnå, trudde han, og sleppte oss inn i forhandlingane. Det var nok. Vi var på banen. Derfrå gjekk det slag i slag. Ein dag ville det kome ein sjekk, seier Bjørnsen.

Kopimaskinene
Den første sjekken kom i 1978. Det totale bibliotekvederlaget blei dette året på åtte millionar kroner, av dette gjekk 453 000 kroner til det som med tida blei Det faglitterære fond. Og for kvart år fekk dei faglitterære forfattarane ein litt større del av potten. Samstundes var kopiteknologien blitt vanleg og skapte endå ei opphavsrettsleg utfordring for norske forfattarar. Bjørn Bjørnsen innsåg straks at det var her det avgjerande slaget ville stå for den nye organisasjonen.

Bjørnsen hadde besøkt Copyright Clearance Center i USA og funne ut korleis norske forfattarar ikkje kunne gjere det. Han hadde samarbeidd med danske og svenske forfattarorganisasjonar og kjende til det vesle, men prinsipielt viktige kopivederlaget i Sverige, og den danske copydan, som samla alt opphavsbeskytta materiale under éin hatt. Ingen av modellane syntest brukbare i Noreg. Han innsåg at det måtte bli etablert ein eigen opphavsrettsorganisasjon utanfor NFF som kunne overvake og forhandle om vederlag for all kopiering, og inviterte derfor forleggarane og journalistane til å bli med på å skipe Kopifag, seinare Kopinor, i 1980.

Året før hadde Stortinget vedtatt ei Midlertidig lov om fotokopiering, der kopiering av bøker til undervisning blei formelt tillaten mot at vederlag blei betalt til den som hadde opphavsretten. Også Ketil Lund såg at det var i dette kopivederlaget sakprosaforfattarane hadde sjansen sin:

– Vi visste alt då vi starta opp NFF, at det etter kvart kunne kome eit kopivederlag, og at det kunne bety mykje for sakprosaforfattarane. Aanderaa var nokså klar på at vi ikkje kunne rekne med så mykje bibliotekvederlag fordi det var kulturpolitisk grunngitt, men kopivederlaget var eit opphavsrettsvederlag med basis i åndsverklova, og der ville denne foreininga vere mykje meir representativ for dei skribentgruppene som faktisk blei kopierte i skulen og i statsadministrasjonen enn den skjønnlitterære foreininga, seier Lund.

– Vi hadde nok skjulte hjelparar i departementet, supplerer Bjørnsen.

– Både Kjølv Egeland og ikkje minst Helge Sønneland handsama sakene våre. Dessutan var Aanderaa glad for å få så mange organisasjonar som mogleg under same hatt i Kopinor av omsyn til gjennomføringa av forhandlingane. Då vi fekk den første kopiavtalen, skuleavtalen, i hamn før Kopifag/Kopinor blei etablert, var det ei stor lette for styret, som hadde garantert personleg for kassakreditten som vi dreiv NFF på. Då forhandlingane ei tid såg ut til å bryte saman, og det gjekk lang tid før vi fekk noko utbetalt på grunn av usemjer om fordelinga mellom organisasjonane, kunne nokon og kvar bli redde for alt dei hadde å tape, seier Bjørnsen.

Maktfaktor
NFF dreiv Kopifag utan tilsette og eigen kasse til å begynne med. Bjørn Bjørnsen blei tilsett som dagleg leiar i ei tredjedels stilling då forhandlingane starta. Etter kvart melde andre organisasjonar seg inn. I nokre kriseår i 1980-åra og på grunn av usemjer med Den norske Forleggerforening var NFF ei tid utmeld av Kopinor. Men like fullt har kopivederlaget vore sjølve eksistensgrunnlaget til foreininga. Gradvis har kopivederlaget gjort Det faglitterære fond til ein kulturpolitisk maktfaktor og forandra fullstendig vilkåra for norske sakprosaforfattarar. Sidan den gongen er over éin milliard kroner delte ut frå dette fondet.

– De fekk kanskje større gjennomslag enn de hadde trudd?

– Ja, det blei større summar enn vi hadde sett for oss. Eg var advokat for foreininga heilt til eg starta som dommar i 1990. Då hadde det vakse svært mykje, seier Lund.

– Det må ha vore ei kjekk tid å vere advokat for NFF på?

– Ja, det var ei utruleg tid. Etter kvart som organisasjonen vaks, kom det sjølvsagt inn ein del konfliktar og motsetnader som i alle organisasjonar, men spesielt den første tida brukte vi mykje tid og ressursar på å spleise folk. Vi hadde mange kjekke festar og samkomer. Eg har inntrykk av at desto større og rikare foreininga blei, desto vanskelegare blei det å skaffe pengar til den typen festar.

– Er du stolt i dag av det de har vore med på?

– Eg er ikkje spesielt stolt, men det var veldig interessant og morosamt å vere med. Det låg i dynamikken at dette kunne bli ei vellukka foreining om vi ikkje spelte korta våre veldig feil.

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.