Draumen om tyske lesarar

NORLA har presentert slagord og nye samarbeidspartnarar for Frankfurt-prosjektet. NFFO arbeider for å sikre at innsalet av norsk litteratur i Tyskland også skal inkludere sakprosa.

Grande norla800

At Norge er valt ut som gjesteland ved bokmessa i Frankfurt 2019, har skapt brei mobilisering for å presentere norsk litteratur og kultur på best mogeleg måte i Tyskland. NORLA er prosjektleiar for satsinga, og tysdag 17. april heldt dei ein pressekonferanse kor vi mellom anna fekk presentert slagordet «Norway – The Dream We Carry». Det er sitat frå diktet som har blitt kåra til Norges beste dikt: «Det er den draumen» av Olav H. Hauge.

Kulturminister Trine Skei Grande var til stades saman med fire nye hovudsamarbeidspartnarar for Frankfurt-satsinga: Oppland Fylkeskommune, Oslo kommune, Thon Hotels og Norway Health Tech. Alle drøymer vel om at noko av det som skal «opna seg» i samband med bokmessa er nye marknadar for norske produkt, enten det er litteratur, hotellrom, helseteknologi eller natur- og kulturopplevingar i Norge.

Til stades var også direktøren av bokmessa i Frankfurt, Juergen Boos. Han var på besøk for å møte kulturaktørar og få betre innsikt i norsk litteratur og kultur.

NFFO har vedteke ein eigen strategi for sitt arbeid i samband med Frankfurt-messa.

– Vi er opptekne av at omgrepet «litteratur» skal bli brukt på breiast mogleg måte, slik at også sakprosa og faglitteratur kjem til Frankfurt, seier generalsekretær Tore Slaatta.

Han kan fortelje at NFFO i samarbeid med NORLA og dei andre organisasjonane planlegg ei seminarrekkje om det norske, litterære systemet, mottaking og seminar for tyske forleggjarar samt litterære møte mellom tysk og norsk.

– Bokmessa i Frankfurt kan nyttast som utgangspunkt for tiltak i mange retningar. Vi vil nytte høvet til også å fremje lesing av lengre tektstar og bøker i Norge. I ei tid der skjermar og visuelle medium tek meir og meir over både i utdanning, heim og arbeidsliv, er det viktig å få komande generasjonar til å forstå kor viktig det er å kunne både lese og skrive lengre tekstar, avsluttar Slaatta.

Les meir om pressekonferansen hos NORLA

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.