Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening

NFFO 40 år

Gratulerer med O-en

– Den O-en betyr faktisk mykje for oss faglitterære omsetjarar. Så lenge alle sa NFF, var det liksom framleis berre ei forfattarforeining. Vi har venta lenge på O-en og er veldig glade for at han no kjem på plass, seier Elisabet W. Middelthon.
Les Alfred Fidjestøls intervju med det nyutnemnde æresmedlemmet i NFFO!

Nffo elisabet middelthon 800

Elisabet W. Middelthon er merittert sakprosaomsetjar og ein røynd organisasjonsstrateg i bransjen. Ho var leiar av Norsk faglitterær oversetterforening då NFF på årsmøtet i Bergen i 1990 vedtok å slå seg saman med dei faglitterære omsetjarane.

Sidan den gongen har dei to organisasjonane vore lukkeleg gifte i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening. Frå og med 2018 skal ekteskapet også kome til syne i den offisielle forkortinga, som heretter skal vere NFFO og ikkje NFF som tidlegare. Norges Fotballforbund og Norsk Fysioterapeutforbund skal få slåst vidare om eineretten til akronymet – heretter utan oss:

– Den O-en betyr faktisk mykje for oss faglitterære omsetjarar. Så lenge alle sa NFF, var det liksom framleis berre ei forfattarforeining. Vi har venta lenge på O-en og er veldig glade for at han no kjem på plass, seier Elisabet W. Middelthon.

På initiativ frå NFF

Også sjølve etableringa av ein eigen organisasjon for faglitterære omsetjarar, attende i 1984, skjedde etter initiativ frå dåverande NFF. Bjørn Bjørnsen og John-Willy Rudolph tok kontakt og forklarte at dei faglitterære omsetjarane bidrog til å skaffe kopi- og bibliotekvederlag som berre dei skjønnlitterære omsetjarane drog nytte av. Utan ein eigen organisasjon var det vanskeleg å forhandle fram eigne ordningar for dei faglitterære omsetjarane:

– Bjørnsen og Rudolph var sterke, kjente systemet godt og forstod at vi ville tene på dette. Vi har mykje å takke dei for, fortel Middelthon.

Den 28. april 1984 fann det konstituerande årsmøtet i Norsk faglitterær oversetterforening stad. Lars Alldén blei vald til organisasjonens første leiar, to år seinare overtok Elisabet W. Middelthon. Organisasjonen førte ikkje berre til at dei faglitterære omsetjarane fekk rett til eigne vederlag. Det gav dei dessutan ei ny sjølvforståing:

– Før dette var det berre dei skjønnlitterære omsetjarane som hadde hatt ein identitet. Det var nokre av oss som også omsette skjønnlitteratur, men dei fleste som blei medlemmer av den nye organisasjonen, hadde ikkje nokon organisasjon frå før. Alle som hadde opphavsrett til 50 sider med faglitterær omsetjing, kunne bli medlemmer.

– Kvifor var det ikkje meir naturleg å organisere seg saman med dei skjønnlitterære omsetjarane?

– Dei var ikkje interesserte i oss. Dei såg på oss som nokon som ville ta frå dei den kaka dei så langt hadde hatt åleine. Som med skjønnlitterære forfattarar har dei skjønnlitterære omsetjarane alltid rekna seg sjølve for å vere litt skjønnare enn dei faglitterære, seier Middelthon.

– Eg hugsar eg blei invitert til årsmøtet til dei skjønnlitterære omsetjarane då eg var leiar av den faglitterære omsetjarforeininga. Der blei eg møtt med ei veldig nedlatande haldning. Vi heldt ikkje same litterære mål som dei, syntest dei.

Blanda mottaking

Sjølv om den faglitterære omsetjarorganisasjonen opphavleg blei skipa på initiativ frå NFF, var det ikkje alle i NFF som var like glade for planane om ei samanslåing på 1990-årsmøtet, fortel Middelthon:

– Stemninga var litt blanda i begge organisasjonane. Nokre av forfattarane frykta at vi skulle få for mykje av kaka. Og nokre av omsetjarane frykta at vi ville hamne heilt i skuggen av dei faglitterære forfattarane.

Etter snart 30 års samkvem er derimot situasjonen mykje lysare enn rett etter samanslåinga:

– Det har gått over all forventning, skeptikarane har forsvunne og ser no fordelane ved å vere del av ei slagkraftig foreining. Vi har fått ein forhandlingskapasitet som vi berre kunne ha drøymt om aleine. Eg trur vi blei sterkare saman og har hatt store fordelar av det. Inger-Sophie Hølmebakk tok forresten heilt utruleg godt imot oss då vi kom inn i organisasjonen.

– Men føler de stundom at de blir litt gløymde i NFF? Unnskyld, NFFO, meiner eg?

– Eg hugsar eg sat i styret då Hompland var leiar, og då måtte eg heile tida terpe på og minne om at det ikkje lenger heitte Norsk faglitterær forfatterforening. På den tida blei vi stadig gløymde, jamvel i referat og offisielle protokollar. Stundom følte vi at vi ikkje var så viktige for foreininga fordi vi var så få. Og så var det vanskeleg å vite kor mykje vi skulle mase om dette, kor upopulære vi skulle gjere oss. Det er derfor den O-en i NFFO er litt viktig for oss no.

– Korleis er forholdet til den skjønnlitterære omsetjarorganisasjonen no?

– Vi samarbeider veldig godt, vi byter på medlemskap i internasjonale foreiningar og har mange felles prosjekt. Den store omsetjaraksjonen på starten av 1990-talet sveisa oss saman. Begge foreiningane har glede av samarbeidet, det er i alle fall inntrykket mitt. Dei siste ti åra har eg omsett mykje skjønnlitteratur, og no er eg medlem av begge foreiningane.

– Trur det kan bli aktuelt å forlate NFFO ein gong og lage éin felles omsetjarorganisasjon?

– Nei, det trur eg ikkje. Begge omsetjarforeiningane er nøgde med at tinga er som dei er. Det er akkurat som for forfattarane, det er vel ikkje mange som vil slå saman dei to forfattarorganisasjonane.

Intervjuet er tidlegare publisert i Jubileumsmagasinet NFFO har gitt ut i samband med 40-årsjubileet. Les meir i magasinet her

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med noen tredjepart. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.