Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening

Integritet i ord og handling

– Vi treng også at dei som sit med makta, har integritet nok til å ta til seg ny kunnskap og endre politikk når verda endrar seg, skriv Merete Røsvik i sin første leiar av tidsskriftet Prosa.

Merete røsvik lite

Første nummer av Prosa blei lansert tidlegare denne måneden. Her er Merete Røsviks leiar:

Denne vinteren har vore full av bekymringsmeldingar om korleis ytringsfridomen utfaldar seg i offentleg debatt. Samtidig nyttar stadig fleire demonstrasjonsretten til å krevje at ord blir handling. Etter at den svenske tenåringen Greta Thunberg starta sin eigen skulestreik for klimaet i fjor, har aksjonsforma spreidd seg til mange europeiske byar, også norske. I den britiske rørsla Extinction Rebellion, som nyleg har fått ein norsk avleggjar, er det vaksne som med sterke ord gjer opprør og krev effektive klimatiltak. Denne radikaliseringa av miljøvernarane viser at dei har noko sams med både «dei gule vestane» i Frankrike, dei som stemte for Brexit i Storbritannia og Trump-veljarane i USA: frustrasjon over at styresmaktene ikkje ser ut til å ta på alvor det vanlege folk opplever som eksistensielle trugslar.

Når årets første nummer av Prosa har fått temaet «debattklima», er det for å peike på samanhengen mellom klima i overført og konkret meining: Ja, det er uheldig med polarisert debatt, men at temperaturen stig i ordskiftet, er ein konsekvens av konkrete endringar i verda. At isen på polane smeltar i rekordfart, skaper redsle og raseri. Andre opplever livsgrunnlaget som truga av restriksjonar på bilkøyring eller konkurranse frå billig, innvandra arbeidskraft. Dermed er spørsmålet Arne Johan Vetlesen og Bård Lahn diskuterer i intervjuet i dette Prosa-nummeret høgaktuelt: Er det mogeleg å snakke om eit sams «vi» i møte med klimaendringane?

Prosa 2019 1 forside lite

Nedslag i sakprosaåret 2018 gir andre perspektiv på den gjensidige påverkinga mellom debatt og realitetar. I Det svarte skiftet skildrar Eivind Trædal korleis norske regjeringar dei siste 30 åra har brukt tida til å produsere kilovis med utgreiingar og drøfte ulike typar tiltak medan målsetjingane for reduksjon av utslepp har blitt dytta stadig lenger fram i tid. I same periode har norske C02-utslepp auka. At menneskeskapte klimaendringar har fått så trugande dimensjonar, kan ein dermed sjå som eit direkte resultat av politisk tomprat.
Av og til kan ein lure på om symbolpolitikk blir brukt til å leie merksemda vekk frå dei verkeleg avgjerande sakene. Klimarisikoutvalet la fram rapporten sin før jul, men det vart snart innlegg om tvillingabort og fødslar per kvinne som fylte debattspaltene – viktige verdispørsmål, men med små praktiske følgjer. Samtidig gir Olje- og energidepartementet ut konsesjonar for oljeleiting i rekordfart. Prosa rettar merksemda tilbake mot kva Klimarisikoutvalet har å melde.
Lesingane som følgjer, viser at sakprosaforfattarar byggjer opp det ein i retorikken kallar etos, altså tilliten til avsendaren sin autoritet og integritet, på ulikt vis. Sylvi Listhaug legg vekt på at ho er ærleg og uredd, medan Knut Arild Hareide er særs respektfull og intellektuelt grundig. Mange tar utgangspunkt i det sjølvopplevde, andre viser til lange akademiske karrierar og endå lengre kjeldelister.

Spesielt to av fjorårets forfattarar har demonstrert kva intellektuell integritet er: Bjørn Stærk har både som Aftenposten-spaltist og i boka Jakten på den grønne lykken gitt innblikk i korleis ein over tid kan endre synspunkt på grunn av ny kunnskap og refleksjon. Marte Michelet har i debatten rundt Hva visste hjemmefronten? vist vilje til å vedgå feil i møte med godt grunngitt kritikk – men har likevel endra samtalen om krigen med perspektiva ho opnar. Slik representerer god sakprosa, og saksorientert debatt som den kan utløyse, integritet som set omsynet til sak framfor omsynet til personlege preferansar, ambisjonar og interesser.
I Kulturmeldinga som kulturminister Trine Skei Grande lanserte i november, er ordet «ytringsfridom» brukt fem gongar berre på første side. Same stad vert det også konstatert: «Tilliten til og trua på demokratiet er på vikande front fleire stader.» Tanken er nok at kulturelle ytringar kan bidra til å gjenskape tilliten. Og ja, kunstnarleg kreativitet og ytringsfridom er viktig, men det er ikkje nok. Vi treng også at dei som sit med makta, har integritet nok til å ta til seg ny kunnskap og endre politikk når verda endrar seg. For mange er det berre éin ting som kan redde tilliten til demokratiet no, og det er rask og målretta handling.

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med noen tredjepart. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.