Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening

Klart for sakprosafestivalen i Oslo

20. oktober skjer Norsk sakprosafestival for sjette gong i Oslo.

Collagefestival

For sjette år på rad inviterer Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening til sakprosafest på Litteraturhuset i Oslo. Men den aller første med forfattaren Mette Karlsvik som festivalsjef.
Les fullstendig program her

Det er inga påmeldingsplikt, men meld gjerne interessa di for arrangementet på Facebook

– Å skrive aktuelle hendingar om til historie, gnir kantane av dei, og dei blir interessante, ikkje så skremmande, skriv ein kritikar om Luke Hardings Sammensvergelse, boka som meiner å bevise at Russland hjalp Trump til makta.
– Korleis fortelje sin eigen eller den større historia, om konstruksjon, rekonstruksjon og forflytning, er metodar som ein får innsikt i under denne festivalen, seier Mette Karlsvik. Adam Rutherford vil vise korleis fortelje historia til alle menneske som nokon sinne har levd – i ei bok. Eller på tre kvarter, som han skal på Sakprosafestivalen.

Arrangementa under festivalen er gratis, med unntak av programpostane i Wergelandsalen. Eit festivalpass til alle arrangementa der kostar 400 kroner. NFFO-medlemmar og studentar betalar 200 kroner for passet. Ein kan også kjøpe billettar til einskilde arrangement. Dei kostar 100 kroner (50 for NFFO-medlemmar og studentar).
Du kan sikre plass og unngå kø ved å førehandskjøpe billettar her

Svenske endringer

– Val blir eit fokus for festivalen, sier Mette Karlsvik.
– Ikkje berre val av amerikanske presidentar, men også skandinaviske regjeringsparti. Det norske Arbeiderparti har hatt nokre dårlege år, medan Sverigedemokratarna kan bli største parti etter haustens stortingsval i Sverige. Redaktør Åsa Linderborg kjem rett frå den svenske valkampen for å samtale med Mimir Kristjansson, Marie Melgård og Jonas Bals om sosialdemokratiets stilling hausten 2018, seier Karlsvik.
Korleis fortstår vi dei som røyster annleis enn oss sjølv? Det er noko av kva vi kan bli klokare på av den internasjonale bestseljaren Thomas Eriksson (Omgitt av idioter), som held foredrag om å forstå medmenneska. Jason “Timbuktu” Diakité deler sin erfaring av rasisme i eit “folkhem” som han lengta etter å kjenne at han høyrer til i. Elisabeth Åsbrink trekker dei lengre, historiske linene når ho snakkar om boka Orden som endrade Sverige.
Verdig eldreomsorg var Aps store prosjekt i etterkrigstida. Men kan eldast med vyrdnad i eit samfunn som dyrkar styrke, smertefridom, og ungdom? Sissel Gran og Wenche Mühleilsen prøver å svare.

Sin egen historie

Eit storpolitisk perspektiv får vi altså av Luke Harding. Han skal også samtale med Marina Litivenko, enka til KGB-avhopparen Aleksandr Litvinenko – om drap med nervegift og polonium på britisk jord.
Forfattarar som Thorvald Steen, Vigdis Hjorth og Lars Lillo-Stenberg vil problematisere korleis ein fortel historie – sin eigen eller nasjonens. Men kva er den rette framstillinga av ein person eller ei hending? Relasjonspsykologane Peder Kjøs og Sissel Gran snakkar om forteljing sin terapeutiske evne – og kva måten ein framstiller ei hending på betyr i parterapi.
Du vil elles få innsikt i særoppgåvene til Dag O. Hessen, Mimir Kristjanson og fleire, lære om språk av Helene Uri og Kristin Fridtun, og bli med til Reidar Müllers skog og møte med ulv. Anne Sverdrup-Thygesen forte om insekter for vaksne, etter at Erna Osland fortel om insekter for barn. Trond Viggo Torgersen leier ein samtale mellom forfattarane av Gleden med skjeden og Manus om anus. Vi skal også bli med til Nord-Korea, Canada og vere med på ein godlynt debatt om kva som var det viktigate året i verdshistoria: 1989, 1968, 1947 eller 1204? Kva ville Adam Rutherford ha svara?

Møt også NFFOs nye styreleiar, Geir Hønneland, som opnar festivalen klokka tolv. Og bli med heim til NFFO etter fagprogrammet, for mat, drikke og underhaldning ved Peder Kjøs’ Salongörkesteret.

Fest17pub5 lite
Mange fikk med seg sakprosafestivalen på Litteraturhuset i fjor. Velkommen til årets festival, lørdag 20. oktober.

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med noen tredjepart. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.