Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening

Litterær salong om seksuell trakassering

Bokbransjen legg i desse dagar fram tal frå ei undersøking om seksuell trakassering i bokbransjen. Denne litterære salongen på Litteraturhuset i Bergen 22. januar er ei markering av dette.

Litt salong

Det blir panelsamtale om undersøkinga, der leiarar frå nokre av bransjeorganisasjonene legg fram og kommenterer tala dei har fått, og korleis vegen vidare vil bli. Sandra Lillebø leier denne samtala. Arrangementet er ein del av møteserien Litterær salong.
Klikk her for meir informasjon og påmelding

Det blir appellar og opplesingar, og førebels bidragsytarliste er:
Agnes Ravatn
Hanne Kristin Rohde
Marta Breen
Joanna Rzadowska
Tine-Jarmila Sir
Birger Emanuelsen
Pedro Carmona-Alvarez
Linn T. Sunne
Gry Strømme
Endre Lund Eriksen
Olaug Nilssen

Lykke Kristine Moen og Kristian Berg Jåtten skal synge duett.

Arrangementet skjer på Litteraturhuset. Det blir òg mogleg å følgje det direkte via denne lenka til Litteraturhuset i Bergens YouTube-kanal.

Arrangementet er støtta av Den Norske Forfatterforening, Norsk Faglitterær forfatter- og oversetterforening, Forfatterforbundet, Forleggerforeningen, Norsk Forfattersentrum, Norske barne- og ungdomsbokforfattere, Tekstallianse, Vigmostad & Bjørke, Aschehoug, Cappelen Damm, Gyldendal, Det Norske Samlaget, Oktober Forlag, Litteraturhuset i Bergen og Litteraturhuset i Oslo.

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med noen tredjepart. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.