Luke Harding til Norsk sakprosafestival

– Eg trur vi lever i ein gullalder for sakprosa. Norske forfattarar og journalister speler ei leiarrolle her. Verda vår er så rar, så mørk, så “phantasmagoric” (surrealistisk, draumeaktig, uverkeleg) – kvifor dikte noko opp, spør Luke Harding, som kjem til Norsk Sakprosafestival 2018.

Luke harding

Harding (f. 1968) tok artium på det internasjonale, idealistiske gymnaset UWC Atlantic College, før han reiste verda rundt og vitja venene frå Atlantic College. Han hadde fått ei naturleg og personleg motivert interesse for internasjonale relasjonar då han, etter reisa, byrja studier i Oxford. Etter studiene fekk han jobb som journalist i London, m.a. for The Sunday Times og etterkvart fast jobb i The Guardian. Då Aleksandr Litvinenko vart drepen av polonium-210 i 2006, tok Harding saka. Han var ein av journalistane som reiste frå Storbrittania til Moskva m.a. for å intervjue dei sikta leigemordarane, og blei verande som Moskva-korrenspondent for The Guardian.
Sidan han blei utvist frå Russland i 2011, har Harding veksla mellom å gi ut bøker og å halde fram arbeidet som journalist for The Guardian. I 2011 kom ei bok om Julian Assange og Wikileaks, og i 2014 boka The Snowden Files som blei grunnlag for filmen med samme navn (2015 Film). Dødelig dose (A very expensive poison), om Litvinenkodrapet, kom nesten samtidig ut på norsk og engelsk i 2016. I 2017 kom Sammensvergelse (Collusion), om russisk innblanding i det amerikanske presidentvalet i novemter 2016.

På Norsk sakprosafestival skal Luke Harding intervjue enka etter Litvinenko – forfattaren og menneskerettsforkjemparen Marina Litvinenko. Han skal også halde eit foredrag om arbeidet sitt – om metode og om temaer, og om sin sakprosa og røynda – korleis røynda er for dramatisk til å vere sann, korleis den røynda han har vore involvert i er “litterær”, og i tilfellet Sammensvergelse – korleis Harding kan vere med på å forme røynda. “Velkommen til virkeligheten” med dette e-postintervjuet som festivalen har gjort med Harding.

Du kan no melde deg på arrangementet her

– I sommar vart 12 tilsette i den russiske etterretningsetaten GRU dømt for hacket mot det amerikanske demokratiske partiet under valkampen i november 2016. På kva måte trur du at ditt arbeid med boka Sammensvergelse informerte etterforskninga?
– Eg liker å tru at Rober Mueller, som etterforska samansverginga mellom Trump-kampanjen og Russlan, har lese boka mi. Eg skreiv den fordi eg ville setje dei ekstraordinære hendingane frå 2016 i kontekst. Kremls påverknad på det amerikanske presidentvalet har ei historie. Gjennom den kalde krigen, KGB søkte å undergrave vestlege demokrati. Dette var ofte gjort med å, gjerne løynt, å stø kommunistparti over heile verda. Dei speida også etter mulege påverkelege folk. Ein av desse var Donald Trump, som i 1097 vitja Moskva etter invitasjon frå den sovjetiske ambassaden. Vladimir Putin er engasjert i ein liknande post-idealistisk kampanje for å sikre den russiske påverknaden. Målet i 2016 var å hjelpe Trump til å underminere og forkrøple Hillary Clintons framtidige presidentskap. Operasjonen var gjort med tradisjonell spionasje, hacking, og “aktive måtar”. Som vi veit så vann Trump, og vi lever med konsekvensane.

Bøkene mine er sakprosaiske trillarar

– Kva var metoden din for research og skriving av boka, og korleis skilte eller samanfalt den med arbeidet for t.d. A very expensive poison?
– Eg researcha boka gjennom samtale med kjelder. Nokre av dei – Christopher Steele – spelte ein nøkkelrolle i trumphistoria. Andre gav analyse og kontekst. Eg møtte også mange av protagonistane – Paul Manafort i Ukraine i 2007, då han jobba for Viktor Vanukovych, og t.d. den russiske oligarken Aras Agalarov som viste meg rundt luksushusa som han bygde for dei superrike i Moskva. Eg hadde tatt vare på alle notatbøkene mine, inkludert frå fire år i Russland mellom 2007-2011, frå før eg var utvist frå landet av Kreml. Dette materialet var også nyttig for Litvinenko-boka A very expensive poison. Eg tar vare på intervjua med Alexander Litvinenkos to mordarar. A very expensive poison hadde også fordelen av materiale etter den offentlege graskinga av mordet i 2015-2016. Det var høringar, dokument, rettsmedisinske rapportar og politifråsegn frå vitne, inkludert den døyande Litvinenko. Supert material for ein forfattar.

– Korleis jobbar du med dramaturgi?
– Bøkene mine er sakprosaiske trillarar. Alt er sant – sitata, skildringane, stemninga. Men eg prøver å låne triks frå skjønnlitteraturen. Kvart kapittel er dramatisert, med sterke visuelle element. Målet mitt er å gå under nyhende-overskriftene og fortelje ei samanhengande og gripande lineær forteljing. Eg trur at vi lever i ein gullalder for sakprosa! Norske forfattarar og journalistar speler ein leiarrolle her. Verda vår er så rar, så mørk, så “phantasmagoric” (draumaktig/ marerittaktig/ spøkelsesaktig/ fabelliknande/ utruleg) – så kvifor dikte?

For our English readers:

– This summer 12 GRU officers were sentenced for actions leading to interference in the American presidential election. In what way do you think your work with – or the book itself – Collusion – informed the investigations?
– I like to think that Robert Mueller, the special prosecutor investigating collusion between the Trump campaign and Russia, has read my book. I wrote it because i wanted to put the extraordinary events of 2016 into context. The Kremlin’s interference in the US presidential election has a backstory. Throughout the cold war the KGB sought to subvert Western democracies. This was done by supporting, often covertly, communist parties from around the world. It also talent-spotted possible agents of influence.
– One of them was Donald Trump who in 1987 visited Moscow at the invitation of the Soviet ambassador. Vladimir Putin is engaged in a similar post-ideological campaign to assert Russian influence. The goal in 2016 was to help Trump in order to undermine and cripple Hillary Clinton’s future presidency. The operation featured traditional espionage, cyber-hacking and ‘active measures’. Of course, Trump won and we are living with the consequences.

– What were your methods when researching the book and handling the material? And how has this been similar to or different to the work for i.e. A very expensive poison?
I– researched the book by talking to various sources. Some of them – Christopher Steele – played a key role in the trump story. Others provided analysis and context. I also met many of the protagonists – Paul Manafort in Ukraine in 2007, when he was working for Viktor Vanukovych, the Russian oligarch Aras Agalarov who showed me round the luxury housing estate he was building for Moscow’s super-rich. I keep all my note-books, including from the four years I spent in Russia between 2007-2011, when i was expelled from the country by the Kremlin. These records were also handy for A very expensive poison. I keep records of my several interviews with Alexander Litvinenko’s two killers. The Litvinenko’s book A very expensive poison benefited from a public inquiry into the murder held in 2015-2016. There were hearings, documents, forensic records – and police statements from witnesses, including the dying Litvinenko. Super material for a writer.

– How do you work – dramaturgically?
– My books are non-fiction thrillers. everything is true – the quotes, the descriptions, the mood. But I try and borrow tricks from fiction so that each chapter is dramatised, with a strong visual element. My goal is to go beyond the news headlines and to tell a coherent and gripping linear story. I think we are living in a golden age for non-fiction writing! Norwegian authors and journalists plays a leading role here. Our world is so strange, so dark, so phantasmagoric, why make things up?

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.