Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening

Sakprosa i fokus på Lillehammer

Bokhandelens sakprosaprisar og kåring av dei beste, skandinaviske sakprosabøkene: I år skjer det mykje rundt den saklege litteraturen på Norsk Litteraturfestival. Som NFFO-medlem får du gratis inngang til våre arrangement og rabatt på festivalpass.

Sakprosakåring
Den skandinaviske juryen i arbeid.

Når Norsk litteraturfestival – Sigrid Undset-dagene går av stabelen på Lillehammer 29.mai–3. juni, står sakprosaen sentralt.

1. juni blir Bokhandelens sakprosaprisar delt ut til éin forfattar og éin omsetjar. Dette er den einaste litterære omsetjarprisen i Noreg som berre går til sakprosa. Kåringa skjer i samarbeid med NFFO, som har peika ut juryen.

I år skal også ein jury frå Sverige, Danmark og Noreg kåre dei ti beste, skandinaviske sakprosaverka frå 2000-talet. NFFO er med på finansieringa. I samband med kåringa har festivalen laga eit opp ei sakprosaløype av arrangment kor ein kan høyre nokre av dei nominerte.

– På grunn av den store sakprosakåringa festivalen arrangerer saman med Morgenbladet, kjem det til å vere ekstra mange sakprosa-arrangement. Det blir høve til å oppleve dei fremste samtidsforfattarane i Skandinavia, så eg håpar mange medlemmar vil og kan delta på festivalen på Lillehammer i år, seier Kristine Isaksen, formidlingsansvarleg i NFFO, og held fram:

– Tidlegare har NFFO alltid organisert sakprosaseminar på onsdagen under festivalen, men i år har vi satsa på uavhengige arrangement knytt til kåringa onsdag, torsdag og laurdag.

Onsdag 30. mai kan du få med deg at Erika Fatland fortel om arbeidet med boka Grensen. En reise rundt Russland og ein samtale mellom Espen Søbye og Göran Rosenborg om å skrive om Holocaust. Eller du kan høyre vår tidlegare styreleiar Marta Breen i samtale med Nina Burton, som i boka si spør kor det har blitt av dei kvinnelege genia i kulturhistoria. Laurdag 2. juni skal redaktørane for viktige lærebokverk i Danmark og Noreg diskutere skulehistorie, formidlingsgrep og framtida for læreboka.

Alt dette er gratis for NFFO-medlemmar, så husk medlemskort! Som medlem hos oss får du også 20 prosent rabatt på festivalpass. Oppgi rabattkode NFFO2018 og kjøp billett her.

Det aller gjevaste for NFFO-medlemmar er kanskje sjansen til å delta i Masterclass med Peter Englund. Han er ein av Sveriges fremste historikarar og forfattar av ei rekkje populærhistoriske bøker. Han fekk sitt gjennombrot som historieformidlar med boka Poltava i1988. Det er berre 25 plassar, så interesserte må ta kontakt med Kristine Isaksen. Les meir her

Peter Englund-arrangementet er no fullteikna, men det er mogeleg å setje seg på venteliste.

Du finn alle arrangmenta i NFFO-kalenderen

Les meir om sakprosakåringa her

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med noen tredjepart. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.