Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening

Måtar å sjå på – måtar å skjøne på

– Kunsten gir uttrykk for rørsler i samtida, ofte nærmast på direkten, og med det høve til å bearbeide all slags livserfaringar. Men utan samtalen som kritikken innbyr til, kan erkjenningane i dei estetiske opplevingane drukne i stadig nye opplevingar, skriver Merete Røsvik i sin leder i nytt Prosa, som er ute nå.

Nffo prosa merete røsvik 010 181008

Årets siste utgave av Prosa er utkommet. Her er redaktør Merete Røsviks leder:

Det tok ikkje lang tid frå eg tok plass i redaktørstolen på Prosa-kontoret, til dei første bøkene om kunst og skjønnlitteratur landa på bordet. Først vurderte eg at dette ikkje var ordentleg sakprosa – det er nemleg historie, filosofi, politikk og naturvitskap. Forfattarbiografiar fekk til naud gå, elles tenkte eg at kunsten får nok merksemd. Men ettersom bunken vaks, måtte eg revurdere.
Kunst i alle sjangrar er sentrale studieobjekt i den humanistiske greina av vitskapen og ein viktig del av fritida for oss alle. Det kjem stadig til uttrykk i avismeldingar, tidsskriftartiklar og bøker, men kritikk i desse formene ser ut til å misse noko av den posisjonen dei tradisjonelt har hatt. Difor spør Prosa i dette nummeret: Kva tilfører kritikk den offentlege samtalen som kunsten aleine ikkje gir? Kva kjenneteiknar slik sakprosa?
Som litteraturkritikar har eg beundra og blitt inspirert av skjønnlitterære forfattarar, men identiteten min som skribent har alltid vore i sakprosaen. Det utelukkar ikkje medvit om språklege verkemiddel. Eg brukar gjerne språklege bilete, lyttar etter lyd og rytme i setningane og unnslår meg ikkje for å illustrere poeng med anekdotar frå eige liv. Men alt det er underordna den gode analysen, korrekt informasjon og logisk konsistens. Der går grensa mellom kunst og sakprosa.

Prosa 2019 6 forside
Coveret på årets siste Prosa-utgave.

Teater, film, dans, musikk, måleri, skulptur, performance, poesi, noveller og romanar kan formidle viktig kunnskap, samfunnskritikk og psykologisk innsikt, men det mest definerande for kunsten er at estetikk og fantasi blir rekna som eigne erkjenningsformer. Dei kan leie kunstnaren i retningar han ikkje hadde planlagt, og kanskje heller ikkje ser den fulle rekkevidda av. Det fleirtydige og motsetnadsfulle blir rekna som betre enn det eintydige, og står estetiske omsyn mot omsynet til fakta og sosiale normer, vinn estetikken. Tenk på rundane med debatt om autofiksjonen, eller på haustens debattar om Dag Solstads haldning til rettskrivingsreglar og tildelinga av Nobelprisen i litteratur til Peter Handke.
I sakprosa er det motsett. Sjølv om tankeprosessen kan vere kreativ, er målet den klåre bodskapen. Ein kan diskutere kva som er etisk forsvarleg praksis og korrekt kjeldebruk, men ein kan ikkje velje å underleggje dette estetiske omsyn. Grensetilfelle som det litterære essayet eller Espen Stuelands aktuelle «sakpoesi» om Eilert Sundt er ikkje argument for å sjå bort frå forskjellane mellom dei to vegane til erkjenning.
Kunsten og kritikken utfyller kvarandre, ja, er gjensidig avhengige av kvarandre. Kreativ utfalding er utviklande både intellektuelt og emosjonelt. Når tragedien rammar, kan ikkje sjølv den skarpaste analyse erstatte song og dikt. Men at kunsten er avhengig av at nokon held fortolkingskompetansen ved like, fekk vi grundig demonstrert av fjorårets kontrovers rundt teaterførestillinga Ways of Seeing. Det engelske verbet «see» betyr både «sjå» og «skjøne» og var i stykket retta mot politisk makt. Det var difor ironisk – og nedslåande – at så mange gjorde seg opp sterke meiningar om oppsettinga utan å ha sett ho. Kunst kan ein gjerne forstå på mange måtar, men å forstå utan å sjå er ikkje ein av dei.
Liknande problemstillingar har blitt aktuelle i debatten om eit utdrag frå barneboka Sitronlimonaden, trykt i ei lesebok for grunnskulen. Ein treng ikkje ta stilling til skuldingane om rasisme for å slå fast at kontekst er heilt avgjerande for dei ulike vurderingane.
Kunsten gir uttrykk for rørsler i samtida, ofte nærmast på direkten, og med det høve til å bearbeide all slags livserfaringar. Men utan samtalen som kritikken innbyr til, kan erkjenningane i dei estetiske opplevingane drukne i stadig nye opplevingar. Det viktige er difor ikkje semje om kva kunst som er god eller politisk korrekt, men at samtalen om viktige verdispørsmål blir halden i gang så vi kan skjøne kvarandre betre. Det kan bygge tillit og fellesskap – og det treng vi etter at dei økonomiske forskjellane og den politiske polariseringa har akselerert ytterlegare under det noverande regimet.
Med det ønskjer Prosa alle lesarar ei energisk adventstid, ei ettertenksam jul og eit godt nytt debattår!

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med noen tredjepart. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.