Møt de Rosetta-nominerte: Tove Bakke

– Ein omsetjar er ein som ramla i ordgryta som baby og blei sjuk i hovudet, nysgjerrig og kvikk, seier Rosettapris-nominerte Tove Bakke.

Tove bakke

Rosettaprisen er Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforenings pris for årets oversettelse av et sakprosaverk.
Prisen blei delt ut for første gong i 2019, og den første vinnaren av Rosettaprisen var Rune R. Moen for omsetjinga av Anne Applebaums Rød sult. I 2020 var vinnaren Birgit Owe Svihus for omsetjinga av Primo Levis Det periodiske system.

Rosettaprisen skal gå til omsetjaren av ei sakprosabok som kom ut året før prisåret, og prisen skal bidra til å auke interessa for omsett sakprosa og løfte fram kvaliteten på utgitte omsetjingar.

Les meir her om de fem som står på kortlista til årets Rosettapris, som deles ut 30. september.

Tove Bakke har omsett Emmanuel Carrères Riket (Le Royaume), utgitt på Pelikanen forlag.

Syv kjappe

Vi sendte 20 spørsmål i Toves retning, og ba henne svare på syv av de.

– Kva har vore det mest utfordrande med å omsetje Riket?
– Mitt utdaterte kristendomsspråk – det heiter ikkje læresvein no lenger, profetar er som nye. 2.Bibelen er fleirkulturell – versa skiftar med landegrenser og utgivingssekel. 3.Carrère liker gamle biblar. Han har sin eigen stil også når han siterer, driv sjølplukk og set saman, på det verste blandar han evangelistar. Men så skriv han så godt og interessant og medrivande og ufransk! Eg er så glad eg ikkje høyrde på eigne fordommar og takka nei.

– Kva gjer du når du står fast?
– Kontaktar kven som helst eg trur kan vere til hjelp – frå Norsk Lastebilforbund til ein pensjonert importør av finare herresko til Polarinstituttet. Seinast i går Forsvarets bibliotek på Akershus, i dag ein professor i sanskrit … Og alle blir like forundra og glade!

– Kva slags menneske er ein omsetjar?
– Det er ein som ramla i ordgryta som baby og blei sjuk i hovudet, nysgjerrig og kvikk. Og med endelaust tolmod når det gjeld setningspusling, som sannsynlegvis ikkje kom ut av skapet som omsetjar før etter ein del trelskt arbeid med kva som helst, kan litt om kolossalt mykje, er i praksis kunsthandverkar. Også økonomisk.

– Til dei som ønskjer å bli omsetjar no, har du nokon tips??
– Gled deg! Køyr i veg. Til deg med bokmål som sidemål: Vil du ha omsetjing som leveveg og ikkje som livsform, ta overgang til bokmål frå starten av. Og: Les mykje god og ny norsk originallitteratur av alle slag, så får du stadig påfyll og stivnar ikkje i dine eigne ord og vendingar, men held entusiasmen varm! Det gjeld oss alle, gamle som nye. Språk er flytande, levande, fascinerande materie.

– Kva er neste prosjektet ditt?
– Ingen konkrete når eg i haust blir ferdig med neste Carrère om yoga og meditasjon pluss alt han kjem ut for under skrivinga – dei verste ting! Elles, Vente på Gavalda, som vanleg. Og pusle med portugisisk lyrikk og håpe eg finn forlag.

– Korleis begynte du som omsetjar?
– Tilfeldig. Eg ville alltid bli lærar og studere engelsk, men valde i eit meiningslaust fikt fransk først. Det var Anne Lisa Amadou som meinte eg hadde anlegg som omsetjar. Grein meg til mi første bok 21 år gammal, sosiologi, og ei til. Men så var karrieren slutt. Samlaget skiftar heftig politikk når det gjeld å gi ut utanlandsk prosa eller ei. For tida er det ute igjen. Eg tydde til gjendikting av lyrikk ein del år, til Margit Walsø kom til forlaget og kopla meg og Gavalda. Saman er vi ein.

– Har du noko forbilde som omsetjar?
– P.G. Wodehouse-oversettarane, og særleg dei 3-4 som heiter Axel til fornamn! Fantastisk lydhøyre og leikne og lette på labben, og samtidig uhorveleg språkkunnige! Kor moro kan dei ikkje ha hatt det! Dei norske utgåvene varer til evig tid. Aschehoug oppdaterte dessverre somme bøker på skjemmande 70-talsvis, med faen og jævlig og sånt, men litt artig det òg.

Juryens begrunnelse

Juryen som er samansett av Ole Jan Borgund, Kristina Solum og Susanne Bergan, uttalar om Bakkes omsetjing:

I “Le royaume” spør forfatteren Emmanuel Carrère seg hva moderne kristne egentlig tror på. Han tar leseren med 2000 år tilbake i tid for å utforske kristendommens opprinnelse og tidlige utbredelse, men gjør også grundig rede for det han kaller sin egen «fanatisk kristne periode». Gjennom 500 sider beveger forfatteren seg utvungent mellom essay, biografi, selvbiografi, bibelfortolkning, historie – og fantasi. Han ikke bare fotfølger Lukas og Paulus gjennom historiske kilder, men dikter selv videre der kildematerialet kommer til kort, tydelig og åpen om når og hvorfor han tar seg denne friheten.
Forfatterens utstrakte bruk av markerte og umarkerte bibelsitater hentet fra en rekke franske bibeloversettelser, må ha krevd stor kløkt og tålmodighet av oversetteren. Men viktigst er det at Tove Bakke tilsynelatende uanstrengt tar i bruk spennvidden i språket slik at Carrères stemme får klinge med samme nysgjerrighet og sanselighet, ironi og humoristiske snert på norsk som på fransk.

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.