Nytt Prosa ute!

Prosa nummer 4 av året er nå ute. Temanummer denne gang, med flomlyset rettet mot den tegnede sakprosaen. “Vi treng kritisk medvit om det visuelle fordi sosiale medium har gjort at vi snart lever like mykje i ein biletkultur som i ein skriftkultur.” skriver hun i sin leder. Som du kan lese resten av her.

Collageprosa

Visuell kompetanse

Di meir eg har lese, skrive, debattert og – ja, rett og slett levd, di klårare står det for meg: Verda er så overveldande mangfaldig at vi brukar det meste av livet på å prøve å skjøne kva som eigentleg skjer, og kva vi bør gjere. Verkelege hendingar inngår i ekspanderande hermeneutiske sirklar der kvart nytt faktum potensielt kan forandre heile forståinga vår. Fordi røynda er så uoversiktleg, treng vi dei avgrensa formata – artiklane, bøkene, etermedia og kunsten – for å orientere oss.
Men sjølv identiske ytringar kan bli oppfatta forskjellig. Då er det ikkje rart at det blir usemje i komplekse spørsmål.
Både språk og bilete er abstrakte representasjonar som krev tolking. Gjennom dei dannar vi oss indre modellar av røynda som styrer korleis vi sansar, vurderer og handlar; fordommar og verdsbilete. Sidan vi er sosiale dyr, tolkar vi ikkje fritt, men tek signal frå omgivnadane. Og det er mange som gjerne vil påverke oss. Mykje slik påverknad skjer gjennom det visuelle.

Hovudtema i dette nummeret er teikneserie brukt til formidling av sakkunnskap og avisteikning som kommentarverksemd. Begge delar rører seg inn i sakprosaen, men er samtidig kunst, ofte med element av fiksjon. Populariteten er stigande for teikneserien, som òg har blitt meir anerkjend som seriøst medium dei siste åra. Satireteikning og visuelle symbol er stadig viktige, men omstridde verkemiddel i kampen om definisjonsmakta.
Vi treng kritisk medvit om det visuelle fordi sosiale medium har gjort at vi snart lever like mykje i ein biletkultur som i ein skriftkultur. Bilettolking kan krevje like mykje forkunnskap og kontekst som lesing av tekst. Men fordi biletet verkar så direkte, er det er lett å bli påverka samtidig som ein trur at ein forstår meir enn ein faktisk gjer. Kva er fakta, kva er satire, og kva blir eigentleg formidla? Kompetanse til å tolke samspelet mellom visuelt uttrykk og språk er avgjerande.

Eg er ambivalent til det tydelege og skråsikre, enten det tek skriftleg eller visuell form. Klår tale og tydelege standpunkt er idealet ein strekkjer seg mot. Men tydelegheit som ikkje er resultat av kunnskap og refleksjon, men berre av forenkling, kan underslå så mange nyansar at resultatet blir direkte misvisande.
Biletspråk har stor gjennomslagskraft: Ein karikatur kan blir hengande ved den karikerte resten av livet. Når debattantar tyr til karakteristikkar i staden for argument, blir det personlege omdømet sett i spel, og vidare dialog blir vanskeleg. Karikering bidreg til polarisering.
Men karikaturteikningar er også visuelle kommentarar som kan avkle makta, utfordre konsensus og rykkje oss ut av vanetenkinga. Difor er det eit fareteikn når stillinga til kritisk tenkjande teiknarar blir svekt.

Fem år etter attentatet mot Charlie Hebdo-redaksjonen i Paris er det færre oppdrag og dårleg økonomi som har blitt den største trugselen. – Det som skjer når pressa ikkje tener pengar lenger, er at eigarane får intervenere meir, seier den amerikanske teiknaren Dwayne Booth (Mr. Fish) i intervju med Erle Marie Sørheim. I møte med terror vart forsvar for satire eit forsvar for ytringsfridom – men kva skjer når satiren møter kapitalen?
Dei som kontrollerer bileta vi har i hovudet, kontrollerer verda. Det gjer kunnskapsproduksjon, fagformidling og kommentarverksemd til ein samfunnskritisk funksjon i det lange løp.

Ulikskap i bokbransjen

Maria Laviks reportasje i dette nummeret viser eit urimeleg bratt lønshierarki i den sterkt subsidierte bokbransjen. Dei største forlaga gir toppleiarane millionløner og tek ut titals millionar i utbytte og konsernbidrag. Frilansarane blir derimot pressa maksimalt, men hindra av konkurranselova i å gå til samordna aksjon for betre vilkår. Samtidig er fastprisordninga eit unntak frå den same lova.
Biletet av leiarskap som overlet solidaritet og idealisme til dei dårlegast betalte, er lite flatterande, og kan undergrave den politiske velviljen vi treng for å vidareføre dagens gunstige vilkår. Om boklova blir vekt til live igjen etter stortingsvalet neste år, bør vi også diskutere rammer for løns- og utbyttepraksisen.

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.