Nyttårsintervjuet: Gøril Grov Sørdal

Skrive en god bok som selger i 50 eksemplarer eller en dårlig bok som selger 50 000 eksemplarer? Gøril Grov Sørdal er sannelig ikke sikker. Men hun er helt sikker på at Thomas Seltzer burde begynne å skrive sakprosa.

Gøril med stadnamn

Alder: 45
Bosted: Bergen
Sist utgitte bok: Frå Mumletjønn til Gnuldrehei, våre villaste og raraste stadnamn

– Hvilken sakprosabok ville du helst ha stått fast i en heis med?
– Ei bok om galgenhumor. Eller Bjørn Berges Landene som forsvant. Eg er veldig glad i historie, og om prosessane som førte til at verda er som ho er i dag. Bill Brysons A Short History of Nearly Everything er ein annan favoritt, kven skulle trudd at månen er så viktig for livet på jorda?

– Hva er den beste boken du har lest, som kanskje ikke så mange andre har hørt om?
– Sjølv om eg har lest fantastiske bøker som vaksen, vil eg nemne to bøker frå barndommen. Torill Thorstad Haugers Det kom eit skip til Bjørgvin i 1349 gjorde eit sterkt inntrykk på meg. Eg kan vel ha vore kring ti år då eg las ho, og eg gløymer ho aldri. Nyleg las eg boka for sjuåringen min, og ho blei heilt fengsla.
– Den andre boka er Per Holm Knudsens Slik får man et barn. Boka stod i bokhylla heime då eg voks opp, så eg lærte tidleg korleis born blir til. Eg hugsar godt kor fascinert eg var. Då illustrasjonane blei delte i sosiale medier for fire-fem år sidan, blei mange vaksne sjokkerte. Men born blir ikkje sjokkerte av slikt, dei blir fascinerte. Likevel må eg vedgå at det var ganske komisk å lese boka på nytt som vaksen. Dottra mi fekk boka då ho var tre år, og ho blei raskt ein favoritt, ho måtte lesast om att og om att. No har eg lånt vekk boka til så mange vener med små born at eg faktisk ikkje veit kvar ho er akkurat no. Eg håpar ho vandrar vidare frå den eine småbarnsfamilien til den andre.

– Hvilken bok skal du helt sikkert lese i 2020, som du ikke har fått tid eller anledning til å lese tidligere?
En av oss av Åsne Seierstad. 22. juli sat eg på ein kafe i Bergen då dei fyrste Twittermeldingane dukka opp; “Skyting på Utøya … Ikkje ring bror min, han gøymer seg!!!”
– Fyrst trudde eg det måtte vere ei misforståing og at folk var hysteriske utan grunn, men etter kvart skjønte eg at dette faktisk skjedde. Då eg vakna til dødstala morgonen etterpå, kunne eg ikkje tru det, det var heilt uverkeleg. Og at ABB var stolt av det han hadde gjort, ga ingen meining.

– Hva er den beste sakprosaboka som ikke er skrevet ennå?
– Eg håpar nokon ein gong i framtida vil skrive boka Slik fekk me klimaet på rett kjøl.

– Hva er det beste skriverådet du har fått?
– Stol på deg sjølv, du kan mykje om det du skriv om. Etter 17 år i NRK var eg trygg i rolla som radio- og TV-journalist, men då eg i 2017 gjekk i gong med mi fyrste bok, blei eg veldig usikker på meg sjølv. Emnet for boka, stadnamn, var det same som i Nomino, TV-serien eg nettopp hadde laga. Likevel var det som å starte heilt på nytt som formidlar. Det var skummelt å skulle skrive ei bok. Når eg les boka i dag, ser eg kor viktig det var for meg å ha ryggdekning for det eg skreiv. Eg viste ofte til kjelder i teksten, noko som går ut over flyten.
– Då eg i 2019 skreiv bok nummer to om det same emnet, var eg mykje tryggare på meg sjølv, noko som gjorde at eg skreiv betre.

– Dilemma: skrive en dårlig bok som selger i 50 000 eksemplarer, eller svært god bok som selger i 50 eksemplarer?
– Hm. Då eg kom ut med mi fyrste bok var det veldig viktig for meg at folk kjøpte ho. Eg hadde jo jobba så hardt med boka, og om ingen las ho, ville alt slitet ha vore bortkasta. Likevel var det viktigaste for meg at eg hadde gjort eit arbeid eg var stolt av, og at lesarane tykte boka var god og interessant.
– Eg har heldigvis fast jobb som journalist i NRK, og får løn kvar månad, så det er ikkje viktig for meg å tene pengar på bøkene mine. Difor er mitt svar at eg helst vil skrive ei svært god bok som sel i 50 eksemplar. Hadde eg derimot levd av å skrive bøker, så … Tja. Då hadde eg kanskje valgt det andre svaret?z
– Hvilken artist eller kunstner burde begynne å skrive sakprosa?
– Thomas Seltzer.

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.