Nyttårsintervjuet: Sissel Brunstad

Det beste skriverådet Sissel Brunstad har fått er på kun to ord.

Sissel brunstad

Alder: 63.
Bosted: Sykkylven.
Sist utgitte bok: Norsk ølhistorie. Fra Odins skål til i dag.

– Hvilken sakprosabok ville du helst stått fast i heisen med?
– Av mange leseverdige bøker hadde det vore fint å kunne ta Berlinhistorier av Astrid Sverresdotter Dypvik opp frå handveska om heisen stansa og eg stod bom fast. Boka bør lesast fleire gonger ut frå dei personlege og interessante historiene om korleis det var å vere menneske gjennom lange år i eit delt Berlin. Muren var jo sjølvaste symbolet også for eit delt Europa. Historiene er drivande godt formidla, og er til lærdom og ettertanke. Eg kunne lett gått glipp av at heisen kom i gang att!

– Hva er den beste boken du har lest,som kanskje ikke så mange andre har hørt om?
– Valet fell på Blad ur höstens arkiv, den siste romanen skriven av den makelause finlandssvenske forfattaren Bo Carpelan, utgitt etter hans død i 2011. Tida var den raude tråden i det over 60 år lange forfattarskapen til Carpelan som visste at hans eiga tid snart var over då han skreiv romanen. Hos hovudpersonen blir vemodig-vakre minneglimt frå tidlegare tider fletta inn i sylkvasse augneblink frå alderdomens dagar. Dei vakre, poetiske skildringane av natur, menneske, møte og tankar duvar drøymeaktig i grenselandet mellom det som var, er og kanskje kan bli. Leseverdig!

– Hvilken bok skal du helt sikkert lese i 2020, som du ikke har fått tid eller anledning til å lese tidligere?
– Romanen til nobelprisvinnar Olga Tokarczuk Før plogen din over de dødes klokler. Den gler eg meg til å lese.

– Dilemma: skrive en dårlig bok som selger i 50 000 eksemplarer, eller svært god bok som selger i 50 eksemplarer?
– Som sunnmøring burde eg kanskje valt det første, men med nord-norsk blod i halvparten av årane, blir det nok dei 50 gode.

– Hva er det beste skriverådet du har fått?
– Hugs punktum!

– Uansett sjanger: Hva er den beste setningen i en bok du har lest?
– Der finst så uendeleg mange gode setningar i dei fleste sjangrane, at det er uråd å velje ei einaste. Men ei setning som stadig sviv innom tanken, er «Flygelets taushet fylte rommet» frå Nattog til Lisboa av Pascal Mercier (pseudonym for Peter Bieri), 2009. I 10 år har ho altså følgt meg.

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.