Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening

Programmet for Norsk sakprosafestival 2018

Jason “Timbuktu” Diakité, Steffen Kverneland, Vigdis Hjorth, Elisabeth Åsbrink Luke Harding, Adam Rutherford, Morten Traavik, Liv Gulbrandsen, Dag O. Hessen, Helene Uri og mange andre forfattere kommer. Kommer du? Les hele programmet for sakprosafestivalen i Oslo her.

Fest17pub7 lite
Fra Norsk sakprosafestival i 2017

20. oktober skjer Norsk sakprosafestival for sjette gong i Oslo.
Det blir arrangement alle dei fem salane på Litteraturhuset. Programmet startar klokka 12, med mellom andre Timbuktu, og avsluttar med ein fest der du som publikummar er hjartelig velkommen – i NFFOs lokale i Uranienborgveien 2.
Les intervju med festivalsjef Mette Karlsvik her

Arrangementa under festivalen er gratis, med unntak av programpostane i Wergelandsalen. Eit festivalpass til alle arrangementa der kostar 400 kroner. NFFO-medlemmar og studentar betalar 200 kroner for passet. Ein kan også kjøpe billettar til einskilde arrangement. Dei kostar 100 kroner (50 for NFFO-medlemmar og studentar).
Du kan sikre plass og unngå kø ved å førehandskjøpe billettar her

Før Wergelandsveien 29 blei Litteraturhus var det lærarhøgskule. Norsk Sakprosafestival fordeler programmet sitt i følge fag, så om du er ein som liker “norsk” best, kan du setje frå deg veska ved ein stol i Nedjama og vere der heile dagen. I Skram får du samfunnsfag, og så vidare.

Det er inga påmeldingsplikt, men meld gjerne interessa di for arrangementet på Facebook

Les det fullstendige programmet her:

Wergeland-salen

Valfag

12.00
Jag är Jason

Jason Timbuktu Diakités sjølvbiografi En droppe midnatt kom ut i Sverige i ei tid då det var forslag om medborgartest og då stadig færre innvandrarar slepp inn i samhället. Timbuktu skriv sakprosa om tema han har rappa om; fleirkulturell identitet, å vere andregenerasjons innvandrar og om å møte rasisme eller forståing. Boka er dramatisert og sett opp som musikkteater på Dramaten i Stockholm, Olavsfestdagene og Operaen i Oslo, m.m. Samtalen blir leidd av Thorvald Steen, som i sitt forfattarskap problematiserer måtar å fortelje si – og andre personars historie.
JASON TIMBUKTU DIAKITÉ er ein svensk rappar og sakprosaforfattar.
THORVALD STEEN er forfattar.

Timbuktu photo by therese öhrvall 7082
Jason Timbuktu Diakité

13.15
Sangen om Nini

Hun har gått seg vill og finner ikke veien tilbake, sang Lars Lillo-Stenberg I 1987. Over tretti år senere skriver han om henne som “gikk seg vill”, ungdomsvenninnen Nini Stoltenberg, som var den “suverene” rikskjendisen, den høyt elskede datteren, søsteren og vennen som ble avhengig av heroin og døde 51 år gammel. Alf van der Hagen snakker med Lillo-Stenberg om det skrive sakprosa, om å skrive rart om det rare, fint om det fine og likevel hele tiden holde kontrakten med leseren om sannhet og saklighet.
LARS LILLO-STENBERG er frontfigur i popbandet deLillos, og sakprosa-debutant.
ALF VAN DER HAGEN er forfatter og tidligere redaktør for bl.a. Morgenbladet.

14.30
Frykt og GRU I USA

Å skrive aktuelle hendingar om til historie, gnir kantane av dei, og dei blir interessante, ikkje så skremmande”, skriv ein kritikar om Luke Hardings Sammensvergelse, og takkar han for å ha skrive om korleis Donald Trump kom til makta i USA. I sommar vart Hardings teori bevist av amerikansk høgsterett: Tolv agentar frå den russiske etterretningstenesta GRU vart dømt for hackingar som påverka presidentvalet. Harding forteljer om korleis han gjorde studier for og arbeidde med boka.
LUKE HARDING (UK) er journalist for The Guardian, og forfattar.

15.45
Omgitt av idiotar?

Har du tatt opp ting med folk, og så gjekk det skeis? Misforstår folk deg stadig? Boka Omgitt av idioter kom ut på norsk i februar, med garanti om aha-opplevingar. Sidan har boka ligge på toppen av bestseljarlista. Svenskane har kjøpt eit halvt million eksemplar av boka, som kan hjelpe oss til å forstå dei det ikkje skulle gå an å forstå? Thomas Eriksson er ein populær og travel føredragshaldar, også i det private næringslivet, og formidlar ulikskapen mellom menneske på ein underhaldande og lettforståeleg måte.
THOMAS ERIKSON er svensk bedriftspsykolog og forfattar.

17.00
Historier skrivne i DNA

Kan ein gå frå å vere forskingsformidlar til å legge geneologi til grunn for ei bok om alle som nokosinne har levd? Må ein ha jobba som vitskapsjournalist for å tore å gå inn på eit så ambisiøst prosjekt? Adam Rutherford gir kanskje svaret. Han har skrive denne boka om historiene som er gøymt i genane våre, ei bok som har “aha”-garanti.
ADAM RUTHERFORD (UK) er genetikar, forfattar og forskingsformidlar for The Guardian og BBC.

18.15
Kropp er pop

Anus er kroppens viktigste organ, mente Kaveh Rashidi og Jonas Kinge Bergsland, og skrev bok om alt du vil vite, men ikke tør spørre, om anus. De utfordrer Nina Brochmann og Ellen S. Dahl, som i Gleden med skjeden beskriver “alt som ikke engang kvinner selv vet om eget underliv”. Trond-Viggo Torgersen leder en samtale som handler om det å formidle om kropp og seksualitet til både eldre og yngre.

NINA BROCHMANNN er lege og drev bloggen Underlivet sammen med Ellen S. Dahl. Hun debuterer med Gleden med skjeden (Gyldendal 2017).
ELLEN S. DAHL er sisteårs medisinstudent. Gleden med skjeden var også hennes debutbok.
KAVEH RASHIDI er fastlege, spaltist i Tidsskrift for Den norske legeforening og paneldeltakar i TV2-programmet Helsekontrollen. Manus om anus er debutboka hans.
TROND-VIGGO TORGERSEN er lege, forfatter og artist, og har vært barneombud.

Størken dahl brochmann1
Nina Brochmann og Ellen S. Dahl.

Skram-salen

Samfunnsfag

12.00
Hvem trenger Arbeiderpartiet?

Arbeiderpartiet har gjennomlevd et år i krise. Skyldes det valgkamp på villspor, me-too-oppvask eller at det politiske budskapet ble glemt i all medietreningen? Også i mange andre europeisk land vender velgerne sosialdemokratene ryggen. Åsa Lindeborg kommer rett fra den svenske valgkampen for å møte norske forfattere til en samtale om ståa for sosialdemokratiske partier høsten 2018.
ÅSA LINDERBORG er historiker og kulturredaktør i Aftonbladet.
MARIE MELGÅRD er journalist i VG, og forfatter.
MIMIR KRISTJANSSON er nyhetsredaktør Klassekampen, og forfatter.
JONAS BALS er malersvenn, historiker, rådgiver i Lo, og forfatter.
MARIA BERG REINERTSEN er forfatter og journalist.

13.00
Min historie og verdshistoria

Dei har valt sakprosa til å formidle dokumentarisk stoff. Dei har valt romanen til å formidle dokumentarisk stoff. Og alle tre har dei forsøkt å skrive noko sant om sosialdemokratia, og om når slike verdiar sviktar. Tre av Nord-Skandinavias skarpaste historieforteljarar møtest til samtale om konstruksjon, rekonstruksjon og val av sjanger og disiplin. Vigdis Hjorth styrer ordet.
VIGDIS HJORTH er forfattar, og har vunne m.a. Dobloug-, Brage- og kritikerprisen for sine bøker.
ÅSA LINDERBORG er redaktør og forfattar, og aktuell med Det populistiska manifestet.
ELISABETH ÅSBRINK er journalist og forfattar, og har vunne m.a. Augustprisen for sine bøker.

Collagehjorthogco
Åsa Linderborg (fv.), Vigdis Hjorth og Elisabeth Åsbrink.

15.00
Nazistane, Berlin og Skedsmo

På byrjinga av nittitalet lagde Thor Sørheim frukost til døtrene Erle Marie og Sarah, sende dei til skulen, og sette seg og skreiv om andre verdskrigen i Skedsmo. Thors lokalhistorie blei pensum for døtrene. No kjem Erle Marie Sørheim med si sakprosabok om krigen, om og frå Berlin. Storesøster Sarah intervjuar Erle Marie og Thor om å skrive lokalhistorisk og om å skrive om krigen.
THOR SØRHEIM er lyrikar og lokalhistorikar.
ERLE MARIE SØRHEIM er forfattar og litteraturkritikar. Til Berlin faller er andre boka hennar.
SARAH SØRHEIM er kulturredaktør i Aftenposten.

16.00
Ikonet 1968

Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen skreiv ei heil bok om ikonet 1968, og oppdaga at det er litt tilfeldig at eitt år får ikonstatus, medan andre år, også dei fulle av hendingar, ikkje får det. Dette er noko av det Larsen og Bratholm vil reflektere rundt i dette framlegget, som tar utgangspunkt i boka 1968, dette lange året, det som nokon meiner at byrjar med rockeopptøyar midt på 50-talet og sluttar med Kvinneåret 1975.
EVA BRATHOLM og JOAR HOEL LARSEN er forfattarar og tidlegare utanrikskorrespondentar for NRK.

Kjelleren

Psykologi

14.00
Historia om deg og meg

Korleis skapar vi meining når relasjonen, familien eller verda rundt ikkje blir som vi håpar? Kva har historieforteljing med terapi å gjere? Relasjonspsykologane Peder Kjøs og Sissel Gran vil også snakke om kva dei lærer av måtane klientane fortel om hendingar og kvarandre.
PEDER KJØS og SISSEL GRAN er psykologar og forfattarar.

Collagekjøsoggran

15.00
Er jeg gammel nå?

Er det mulig å eldes med verdighet i et samfunn som dyrker ungdommen?, spør vi i denne Morgenbladet-salongen. Wenche Muhleisen leter bak fordommene våre etter de positive sidene ved overgangsalderen. Runar Bakken leter etter en ny måte å møte gamle mennesker på, mens Sissel Gran spør hvor kjærlighetslivet blir av mellom rynkene. De møtes til en samtale om å bli, føle seg eller frykte å bli gammel. Er det mulig å glede seg litt også?
WENCHE MÜHLEISEN er kjønnsforsker, forfatter og tidligere performancekunstner.
RUNAR BAKKEN er sykepleier, dosent ved Institutt for sykepleie og helsevitenskap ved Universitet i Sørøst-Norge.
SISSEL GRAN er psykolog, spaltist og forfatter.
MARIA BERG REINERTSEN er forfatter og journalist.

16.00
Er den kalde krigen over?

I mars i år blei ein tidlegare FSB-offiser og dotter hans forgifta med nervegift på britisk jord. Den russiske staten blei straks mistenkt, og sanksjonert av Vesten. Den same reaksjonen kom ikkje då Alexander Litvinenko vart drepen med polonium i London i 2006. The Guardian-journalist Luke Harding har følgt begge sakene som journalist, og samtalar med enka etter Litvinenko, Marina Litvinenko, om kampen for å få i stand etterforskning på drapet av ektemannen, og om britiske styresmakters reaksjon eller manglande reaksjon i slike saker.
LUKE HARDING (UK) er journalist og forfattar.
MARINA LITIVENKO (UK/ RU) er medforfattar på boka En dissidents død (Schibsted, 2007, med Alex Goldfarb).

17.00
Sære oppgåver

“Fin novelle, men litt vanskeleg nynorsk”, var tiandeklassingen Kristin Fridtuns konklusjon om ein tekst av Tarjei Vesaas. Denne særoppgåva er ein av fleire som forfattarane bak, no etablerte alle saman, skal vise fram på sakprosafestivalen. Dette blir ein time for alle aldrar. Professorar så vel som nyheitsredaktørar reflekterer over arbeidet dei gjorde, kvifor dei gjorde det slik, og kva dei kanskje skulle ha gjort annleis.
MIMIR KRISTJANSSON er nyheitsredaktør i Klassekampen og forfattar.
DAG O. HESSEN er professor i biologi ved Universitetet i Oslo, og mangeårig spaltist i Morgenbladet.
KRISTIN FRIDTUN er språkvitar og forfattar, med fast språkspalte i Dag og tid, og stadige sakprosautgjevingar.

18.15

Det viktigaste året i verdshistoria
Kva år endra din historie mest? Kva år var viktigast for verdshistoria? Fem forfattarar har særleg sterke meiningar om kva år verda endra seg mest. Dei møtest til ein avsluttande, kanskje underhaldande og garantert opplysande “debatt” om årstal, verdshistorie og utvikling. Eva Bratholm leier samtalen.
JOAR HOEL LARSEN var utanrikskorrespondent for NRK og er aktuell med boka 1968.
PER ANDERS MADSEN var redaktør i Aftenposten og jobbar med ei bok om 1989, året då muren fall og tilhøvet mellom aust og vest vart endra for alltid.
THORVALD STEEN er forfattar og meiner verda aldri blei den same etter 1204.
ELISABETH ÅSBRINK er forfattar og journalist og har hevda at Europa vart forma i 1947.

Nedjama

Norsk

13.00
Poesi som forskingsmetode

Det har vore snakka mykje om vitskapen sin plass i poesien. Men korleis har poesien med sin vilje til eksperiment og si frie tenking bidratt positivt inn i andre vitskapar si forsking? Angela Rawlings og Adam Dickinson er begge poetar og forskarar, og arbeider i krysninga mellom naturvitskap og poesi. Kva kan naturvitarar lære av poetar? Samtalen blir leidd av Cathrine Strøm.
ANGELA RAWLINGS (CA/IS) er poet, musikar og doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Glasgow.
ADAM DICKINSON (CA) er poet og professor i poesi ved Brock-universitetet i Ontario.
CATHRINE STRØM er litteraturkritikar og leiar for Litteraturhus Lillehammer.

14.00
Fotografisk minne?

Allereie i 2002 gav Steffen Kverneland ut ein sjølvbiografisk teikneserie. Etter Slyngel har han gitt ut eit titals teikneseriebøker, som har gitt han m.a. Brageprisen, Pondusprisen (2013) og innkjøp frå Nasjonalgalleriet og andre. Hans siste prosjekt En frivillig død tar det sjølvbiografiske til eit nytt nivå. Kverneland snakkar med forfattar og redaktør Erle Marie Sørheim om metode, om teikning, skrivetekniske val og researcharbeid.
STEFFEN KVERNELAND er teikneserieskapar.
ERLE MARIE SØRHEIM er forfattar og litteraturkritikar.

15.00
Metabolisk poesi i ei antroposentrisk tid

Adam Dickinson testa mikrobiotikk og kjemi på eigen kropp, studerte korleis det utvendige skildrar det innvendige, og skreiv diktsamlinga Anatomic, om bakterier, forureining og det antroposentriske. I dette framlegget vil han gjere greie for sjangeren han har skapt seg, metabolisk poesi, og lese frå den nye boka si.
ADAM DICKINSON (CA) jobbar i grenselandet mellom poesi og vitskap, og fekk for boka The Polymers fleire av dei store, kanadiske litteraturprisane.

16.30
Kjønn og språk

Helene Uri er aktuell med ei bok om språk og kjønn. Kristin Fridtun skriv stadig om dette temaet. I dette arrangementet får dei ein halvtime kvar til temaet; Uris framlegg er skrive spesielt for festivalen, medan Fridtuns Kvar går du, hen? var først framført då ho mottok Språkgledeprisen på Språkdagen i 2016.
KRISTIN FRIDTUN er forfattar.
HELENE URI er forfattar og språkforskar.

Collagefridtunoguri
Kristin Fridtun (tv.) og Helene Uri

Kverneland

O-fag

13.00
Livet i skogene (1)

Erna Osland og Inger Lise Belsvik tar med barn – og voksne hvis de vil – på insekt-tur i tekst og bilde, og kanskje, kanskje til Slottsparken.
ERNA OSLAND er forfatter.
INGER LISE BELSVIK er forfatter og illustratør.

14.00
Livet i skogene (2)

For noen er skogen kun en kulisse, noe som bare er der. Det er den definitivt ikke for naturviterne Anne Sverdrup-Thygeson og Reidar Müller. De tar dere med ut på en skogstur der de vil snakke om skogens dype historie, dens økosystem og ikke minst deres fascinasjon for det som rører seg i skogen – enten det er store rovdyr som ulv eller små insekter.
ANNE SVERDRUP-THYGESON er biolog og forfatter.
REIDAR MÜLLER er geolog og forfatter.

16.00
Stamceller og andre superheltar

Kroppen din er laga av celler, byggeklossar som gjer deg til deg. Ei slik samling celler heiter Øystein Runde. Når cellene er samla til Øystein, teiknar dei teikneseriar, og forklarar kvifor stamcellene har superkrefter og korleis forskarar kan bruke stamceller til å reparere skadar, gro nye organ og, kanskje, hente utdøydde dyr tilbake til livet. Øystein formidlar forsking så ny at både barn og vaksne kan bli overraska.
ØYSTEIN RUNDE er teikneserieskapar.

17.00
Rapport innanfrå Nord-Korea

Er Nord-Korea det mest lukka landet i verda? Sun Heidi Sæbø og Morten Traavik har jobba der. Dei har skrive svært ulike forteljingar om erfaringane, og møtest til ei samtale med Peter Svaar frå NRK om Nord-Korea, om å skrive innanfrå eller utanfrå, om myter og fakta, sanning og propaganda.

SUN HEIDI SÆBØ er redaktør og forfattar.
MORTEN TRAAVIK er regissør, biletkunstnar og forfattar.
PETER SVAAR er journalist for NRK..

Uranienborggate 2, NFFOs og Fritt ords lokaler

18.00

Det bergensbaserte litteraturkonseptet Kritisk kvartett gjesteopptrer i Oslo med sakprosafestival. I år som føråra, kjem det permanente panelet – Eirik Vassenden, Frode Helmich Pedersen og Carina Beddari – og ein gjest. Med seg har dei òg tre bøker som dei skal diskutere.

Gjest og boktitlar blir annonsert når det nærmar seg festival.

19.00

For sjette gong inviterer Sakprosafestivalen til fest “heime hos” NFFO, i storsalen i Uranienborggata 2. Det blir velkomstdrink og enkel servering. Peder Kjøs med bandet Salongörkesteret gir ein stads- og tidsspesifikk minikonsert, før ei spele-listemaraton der du kan danse til musikk valt ut din fa-vorittforfattar frå festivalprogrammet.

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med noen tredjepart. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.