Stafettpinnen går vidare i Bergen

Etter fem år med arrangøransvar for «Oversatt, men ikke oversett» gir Lene Stokseth stafettpinnen vidare til Espen Ingebrigtsen.

Lene stokseth

Etter å ha dratt i land eit siste, godt besøkt arrangement med Bente Christensen og Silje Ohren Strand 17. april, har Lene Stokseth meldt til NFFO at ho gir seg som arrangementansvarleg for «Oversatt, men ikke oversett». Espen Ingebrigtsen tek over. Han er omsetjar frå tysk og postdoktor ved Universitetet i Bergen, og i 2017 vann han Bokhandlerforeningens pris for beste sakprosaomsetjing.

– Det har vore ei inspirerande og lærerik tid med mange givande opplevingar, men etter fem år er det på tide å tilføre programserien nye idear og ny glød. Difor er det ekstra gledeleg at arrangementa vil bli videreført av Espen Ingebrigtsen, seier Stokseth.

Stokseth tok starta arrangementsrekkja «Oversatt, men ikke oversett» i 2013 saman med Åse Johnsen, instituttleder ved Institutt for fremmedspråk ved Universitetet i Bergen, og professor Sandra Halverson fra Høgskolen i Bergen.

– Litteraturhuset opna dørene i januar 2013, og vi begynte med desse arrangementa fordi vi såg at Litteraturhusets program den første tida mangla innslag om omsetjing. Dessutan ønskte vi å lage eit møtepunkt for alle typar omsetjarar på Vestlandet: omsetjarar av sakprosa og skjønnlitteratur, fagomsetjarar, tekstarar, tolkar og andre, fortel Lene Stokseth.

Målet var å gjere arbeidet til omsetjarane, både metodane og resultata, betre kjende for publikum. Serien blir finansiert av NFFO med støtte frå Norsk oversetterforening, og sidan oppstarten er det gjennomført 23 arrangement med til saman 52 foredrag.

Etterkvart vart Lene Stokseth aleine att i arrangementskomitéen, sidan dei andre initiativtakarane ikkje lenger hadde tid. No gir også Stokseth seg, men først etter å at omsetjararrangementa har blitt ein velkjend og populær del av programmet på litteraturhuset. NFFO takkar for innsatsen!

Les intervju med Lene Stokseth som Ukas NFFO’er

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.