– Det folkelege engasjement i valet overrumpla meg

– Overalt høyrde eg folk prate politikk. Heile Sverige var ein einaste, demokratisk manifestasjon, seier Åsa Linderborg, forfattar og kulturredaktør i svenske Aftonbladet. Ho gjestar Norsk sakprosafestival 20. oktober.

Åsa linderborg2 lite

Åsa Linderborg vart overrumpla over årets Riksdalsval i Sverige, og det på tross av oppveksten hennar i ein politisk engasjert og interessert heim. Ja, mange kjenner Linderborg som forfattaren av ei oppvekstskildring – om nettopp denne heimen. Den prisvinnande Mig äger ingen er ein sjølvbiografisk roman som også handlar om å å vokse opp med ein alkoholisert far. I Noreg har Linderborg fått Klassekampens kulturpris Neshornet.
Sidan 2009 har Linderborg vore kulturredaktør for avisa Aftonbladet. Ho er no aktuell med sakprosaboka Populistiska manifestet : för knegare, arbetslösa, tandlösa och 90 procent av alla andra.

Linderborg kjem til Noreg i oktober for å m.a. diskutere sosialdemokratiet i Skandinavia i dag. Første stopp er på Sakprosadagen i Lillehammer, den 19. oktober. Sakprosadagen var tidleg ute med å sjå kva som er trenden i tiden og eit av dei naturlege tema: Sosialdemokratiets utfordringer i møte med populistiske og nasjonalistiske strømninger er eit av hovedtema i Lillehammer. Dagen etter er Linderborg på scener på Litteraturhuset i Oslo, med m.a. Mimir Kristianson og Jonas Bals for å diskutere Arbeiderpartiets fall i Noreg, og med Vigdis Hjorth og Elisabeth Åsbrink for å snakke om metodiske og formale val når ein skriv om (sjølv-) historisk materiale.

Samtidig med etterspelet av Riksdagsvalet, tar Linderborg seg tid til å svare på nokre spørsmål om – nettopp – valet:

– Først av alt – dei ser ut til å ha vore uvanleg travle og intense dagar – og veker – for deg i det siste. Sjølv til norsk TV har du stilt opp under valet. Korleis har du opplevd desse dagane og vekene?
– Eg vaks opp i ein politisk engasjert familie, og har fulgt uendeleg mange valkamparpå nært hald. Dei seinaste åra har eg gjort det som journalist. I år opplevde eg eit folkeleg engasjement som overrumpla meg. Overalt høyrde eg folk prate politikk. Heile Sverige var ein einaste, demokratisk manifestasjon.

– Kva hadde du forventa, då? Og kva tenkte – og kjente du – då valresultatet låg på bordet?
– Eg var som dei fleste overraska over at SD ikkje fekk fleire røyster. Det var nesten eit positivt sjokk at det gjekk “så dårleg”, til tross for at dei var styrka med nesten fem prosent. Derimot kjenner eg meg ikkje slått over den låste posisjonen. Kven som enn dannar regjering – Alliansen med støtte av SD eller ei sosialdemokratisk sentrumsregjering med støtte av V, får ei utfordring med å løyse dei problema som vi står ovanfor, då ingen vil bryte med dei siste 25 års økonomiske politikk. Finanskrisa, som ein spår kjem i 2020, kjem til å slå med ei enorm krft. Dei einaste som tener på det er SD.

– Kva håpar – og kva trur du – blir utveklinga i regjeringsforhandlingane vidare?
– Eg trur at Stefan Löfven dannar regjering med Liberalerna, Centerpartiet og Miljöpartiet. De kjem til å forhandle med Moderaterna om militærbudsjettet og med Vänsterpartiet om asyllovgivinga. Löfven er ein sjeldan skikkeleg forhandlar og ein heiderleg mann. Så er det nokon som skal klare dette, så er det han. Kva det politiske resultatet blir, er ei heilt anna historie.

Åsa Linderborg på Norsk Sakprosafestivalen 2018:

Klokka 12.00 i Skram: Trenger vi Arbeiderpartiet? (Med Marie Melgård, Mimir Kristjanson og Jonas Bals. Ordstyrar: Maria Berg Reinertsen.)

Klokka 13.00 i Skram: Vår historie og verdshistoria (Med Vigdis Hjorth og Elisabeth Åsbrink)

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.