Mandat

Administrasjonen i NFFO ber arbeidsgruppa, som består av Trygve Aas Olsen, Anne Bitsch, Jon Gangdal, Marianne Egeland og Bjørn Olav Jahr, om å utarbeide ei etisk sjekkliste for forfattarar. Arbeidsgruppa vel sjølv leiaren sin. Kristine Isaksen, tilsett i administrasjonen til NFFO, følgjer opp arbeidet som sekretær for gruppa.

Utgangspunktet er generell sakprosa for eit allment publikum, men det er ikkje umogeleg at forfattarar av andre typar bøker kan ha nytte av lista.

Me vil understreke at det ikkje er snakk om å lage eit strengt sett med reglar, men ei liste med opne spørsmål. Lista skal vere til hjelp for forfattarar som opplever etiske dilemma i skrivinga si. Særleg omsynet til tredjepersonar og kjeldepraksis ser ut til å innebere mange problemstillingar og mykje uvisse for tida.

Arbeidsgruppa pliktar å setje seg inn i underlagsdokument som finst frå før. Fleire forlagsredaktørar har komme med innspel til ei slik sjekkliste på nffo.no, og andre dokument er Ver Varsam-plakaten til pressa (men arbeidsgruppa skal ikkje lage ein Ver Varsam-plakat for sakprosa), «Rapport om god sakprosa» (2015) og forskingsetiske retningsliner.

NFFO organiserte to medlemsmøte om etikk i sakprosa våren 2019, og arbeidsgruppa skal vurdere innspela som kom her. Vidare vil det bli gjennomført ei medlemsundersøking om etiske problemstillingar i skrivearbeidet, og tilbakemeldingane i den bør gi arbeidsgruppa eit godt grunnlag å jobbe ut frå.

Tidsramme og omfang: Me ønskjer å leggje sjekklista fram på ei presselansering tidleg i 2020. Me trur gruppa treng eit møte i månaden fram til det. Arbeidet vil dessutan innebere ein del førebuingstid.

Arne Vestbø, generalsekretær
Kristine Isaksen, seniorrådgivar

Oslo, 12.6.2019 (oppdatert 30.1.2020)

Last ned hele sjekklista her: Etisk sjekkliste for sakprosa (25.02.2020)

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.