Sørheim og verdssentrum Skedsmo

Klokka tre den 20. oktober skjer litteraturhistorie under Norsk Sakprosafestival 2018. Då møtest litteratane i familien Sørheim frå Skedsmo til ein prat om felles røynsle og om sørheimsk litteratur.

Collagesørheims

Erle Marie Sørheim kjem nemleg med sin andre sakprosabok, Til Berlin faller. Det gir ei orsaking til å puste støver av far Thor Sørheims lokalhistoriske verk som krigen og Skedsmo. Skedsmos sentrale posisjon byrja lenge før Obama vitja kommunen i år. Stuntpoet-general Thor Sørheim kjem herfrå, og oppdrog døtrene Erle Marie og Sarah her. Han er dei siste åra kjent for sakprosaboka om Stuntpoetene (Flamme 2016), og diktsamlinga Det faller så lett (Gyldendal 2018).

Men få veit at Thor har eit hjarte for lokalhistorie. På byrjinga av nittitalet byrja arbeidsdagane hans med å lage frukost til døtrene Erle Marie og Sarah, før han sendte dei til skulen og sette seg og skreiv om Andre verdskrigen i Skedsmo. Thors skrift blei eit hefte som alle skuleelevar i Skedsmo kommune fekk på pensum. Erle Marie og Sarah måtte snart sjølv lese heftet som heimelekse, og ikkje minst forholde seg til at klassekameratane hadde pappaens bok som sin lekse.

Over tjue år seinare kjem Erle Marie Sørheim med sin sakprosabok om krigen. Den er skrive om og i Berlin, og er tilsynelatande langt frå det lokalhistoriske prosjektet til faren. Eller?
Sarah Sørheim intervjuer Erle Marie og Thor om å skrive lokal-, nasjonal- og internasjonal historie, om den populære lokalhistorien, og den minst like populære krigshistoria. Og kanskje får ein innblikk i kva det var med samtalane over frukostbordet i Skedsmo på 90-talet som gjorde at Erle Marie sjølv ville skrive bok om krigen.
Arrangementet er gratis, og ope for alle.

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.