Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening

Debutantene kommer! Ronny Brede Aase

Ronny brede

Denne høsten kan du møte en rekke førstegangsforfattere i vårserie Debutantene kommer!
Ronny Brede Aase er kjent og kjær programleder i P3, etter mange år med P3Morgen. I år var han programleder for Melodi Grand Prix.
Denne høsten debuterer han også som forfatter – med Lukk auga og tenk på taco, på Gyldendal forlag. Som han selv sa i et VG-intervju:
– Man har cirka 20.000 hverdager og 8000 helgedager i løpet av livet, og det er jo helt tullete å bestemme seg for at de 20.000 skal være kjipe.

Derfor, uten videre introduksjon – Ronny Brede Aase!

– Når på døgnet skriver du best?
– Det er diverre på natta. Etter midnatt, når der er færre ting eg kan la meg distrahere av, er eg i mitt ess. I alle fall natta før ei innleveringsfrist. Då er eg heilt rå, og då blir eg heller ikkje trøytt. Eg har alltid vore ein skippertaksfyr. På skulen døgna eg alltid før store innleveringar. Av ein eller anna grunn tok eg med meg denne panikkdrevne kampen mot klokka inn i studietida, og eg løyser tydelegvis framleis større prosjekt slik.
– Eg har kosa meg veldig med å skrive denne boka, men klokka 5 på morgonen, i desperat modus for å levere før Gyldendal-redaktørane Stine og Nina kom på jobb, tenkte eg at eit slikt helvete skal eg aldri gjennom igjen.

– Hva var den største utfordringen med å skrive boka di?
– At eg plutseleg hadde skrive alt for langt om kaker og hyttekos. Boka skal jo vera til inspirasjon for eit liv fylt med meir helg. Den skal omhandle alt eg elskar. Og innimellom vart eg rett og slett for overivrig, og byrja skrive i veg om noko der eigentleg ikkje var plass til. To kommentarar gjekk att i korrespondansen med Gyldendal: «Men kor kan dette passe inn då, Ronny?» og «Men det kapittelet om mat, det er alt for langt no, så du treng ikkje skrive enno meir om kaker og øl».
– For meg var nok òg ei utfordring å finne ut kva som skulle til for å få det heile til å bli ei bok, som fungerte frå ende til annan. Og så tok det litt tid å bygge opp sjølvtilliten, tru på at eg faktisk var kapabel til å skrive godt nok. Der gjorde redaktørene ein fantastisk jobb med å trygge meg, sørge for at eg fekk trua på eigen tekst.

– Hvis du nå i etterpåklokapens lys skulle gitt et råd til deg selv da du begynte med denne boken, hva ville det vært?
– Bytt ut dei stilige men vonde kjøkkenstolane frå Bolia. Dei som kjærasten er så glad i, men som sidan dagen dei kom i hus har vorte vondare og vondare utover i hyggjelege lag. På sjuande timen på ein sånn er det vanskeleg å konsentrere seg om å skrive. Om eg skal skrie ei bok til, skal eg få meg bra stol. Passe mjuk stol.

– Hvilken bok skal du helt sikkert lese i høst, som du ikke har fått tid eller anledning til å lese tidligere?
– Eg er faktisk igang med biografien om Einar Førde på Fabel, etter tips frå ein ven. Førebels har den skildra ein levedyktig sjuåring og ein oppvekt i industribygda Høyanger. Eg håpar der er spennande og gøyale røverhistorier frå tida som kringkastingssjef utover i boka. Ellers har eg òg planar om å lese Karin Naphaug si bok «Sov godt», som eg har fått anbefalt for å bli meister innan barn og søvn. Men akkurat no er vi inne i ei fase der barnet søv godt, så då utset eg den igjen, til neste sovekrise.

– Hvilken offentlig person burde skrive en sakprosabok?
– Eg meldte tidleg at Espen Nakstad kom til å skrive bok etter pandemien, om handteringa av det heile. Kanskje med eit par spennande anekdoter frå kulissene. Og no såg eg at boka er på veg. Eit sikkert teikn på at vi har starta på slutten av pandemien. For han kan jo ikkje slutte boka midt i.

– Har dette gitt mersmak – skal du skrive flere bøker?
– Ja, veldig. Det var kaos mot slutten av skriveperioden, men etter å ha jobba hardt var det ganske episk å sjå korleis det heile vart til ei ekte, fin og stilig bok. Stine og Nina på Gyldendal, Ida Bru på design og Agnete Brun på foto fekk sortert og pynta på mitt tekstlige kaos, og resultatet er eg skikkeleg stolt av. Draumen var å lage ei gladbok som bikka innom både sjølvhjelp, biografi og kokebok. Litt av alt, med glede i botnen. Og då varmar det veldig kvar gong nokon melder at dei har opplevd den som nett det, og at dei har kosa seg med den.

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med noen tredjepart. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.