mai
9.

Miniseminar: Etiske kvalar i skrivearbeidet

Høyr Olaug Nilssen, Tore Rem, Kjersti Sandvik og Sigbjørn Skåden i foredrag om deira arbeid om etiske problemstillingar i skrivearbeidet.

Collagebergenetikk
Tore Rem (øverst til venstre - foto: Fredrik Arff), Olaug Nilssen (øverst til høyre - foto: Bent R. Synnevåg), Sigbjørn Skåden (foto: Tanya Busse) og Kjersti Sandvik (Foto: Helge Hansen).

I debattane om litterære framstillingar av verkelege personar og kjeldebruk kan det verke som at forfattarane ikkje er opptekne av etiske problemstillingar. Me opplev at forfattarane er det. Velkommen til eit miniseminar om etiske kvalar i skrivearbeidet der modige forfattarar deler raust av dilemma frå skrivebordet. Arrangørar: Den norske Forfatterforening (DnF) og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO).

Program
Kl. 13:00: Olaug Nilssen: Tung tids tale. «Korleis dokumentarboka blei ein roman.»
Respons frå salen (ti minuttar).

Kl. 13:35: Tore Rem: Biografien om Jens Bjørneboe. «Bjørneboe-myta og omsynet til tredjepersonar.» Respons frå salen (ti minuttar).

Kl. 14:10: Kaffi- og bollepause.

Kl. 14:20: Sigbjørn Skåden: romanen Våke over dem som sover. «Kva skjer når ein skriv om betente tema i det samiske samfunnet». Respons frå salen (ti minuttar).

Kl. 14:55: Kjersti Sandvik: Debattboka Under overflaten. «Konsekvensane av å skrive ei kritisk bok om ei av Noregs store vekstnæringar.» Respons frå salen (ti minuttar).

Kl. 15:30 Ferdig.

Påmelding
Arrangørar: Den norske Forfatterforening og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO). Seminaret er gratis for medlemmer. Påmelding til di foreining: mette.moller@forfatterforeningen.no / kristine.isaksen@nffo.no
For ikkje-medlemmer kostar seminaret 900 kr. og påmelding kan rettast til Kristine Isaksen.

Meld gjerne di interesse for arrangementet på Facebook

Biografiopplysingar (henta frå heimesidene til forlaga)

Kjersti Sandvik (f. 1964) er journalist i Fiskeribladet i Bergen. Etter at debattboka Under overflaten. En skitten historie om det norske lakseeventyret (Gyldendal 2016) kom ut, fekk ho karantene og kunne ikke skrive om oppdrett. Sandvik har tidlegare gitt ut boka Ønskebarn. Historier om barnløshet (Gyldendal 2008).

Olaug Nilssen (f. 1977) har skrive bøker i mange sjangrar og fekk sitt store gjennombrot med Få meg på, for faen (Samlaget 2005). For romanen Tung tids tale (Samlaget 2017) fekk ho Brageprisen og Nynorsk litteraturpris. Den handlar om å vere mor for eit funksjonshemma barn.

Sigbjørn Skåden (f. 1976) er samisk forfattar frå Skånland, busett i Tromsø. Han debuterte med langdiktet Skuovvadeddjiid gonagas [Skomakernes konge] (Skániid girjie 2004), som han blei nominert til Nordisk Råds litteraturpris for. Sidan debuten har han gitt ut ei diktsamling, ei barnebok og to romanar. For Våke over dem som sover (Cappelen Damm 2014) blei han nominert til P2-lyttaranes romanpris og fekk Havmannprisen.

Tore Rem (f. 1967) er professor i engelskspråkleg litteratur ved Universitetet i Oslo. Første bind i biografien om Jens Bjørneboe, Sin egen herre (Cappelen Damm 2009) ble nominert til Brageprisen i klassen sakprosa. Andre bind, Født til frihet, kom året etter. For si siste bok på norsk, Knut Hamsun. Reisen til Hitler (Cappelen Damm 2014) mottok han Kritikerprisen for beste sakprosabok for voksne.

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.