Skrivekurs med Ivo de Figueiredo

Korleis skriv ein god sakprosa? I september tilbyr NFFO skrivekurs med Ivo de Figueiredo i seks byar, frå Tromsø i nord til Stavanger i sør.

Ivo1000

«If you can’t do it, teach it» – seier dei som ikkje har greie på undervising. Alle har vi site på skulebenken, og alle har vi vel også erfart kor avgjerande det er kven som står ved kateteret. Og kven er vel nokon gong utlært?

NFFO har rundt 5500 medlemmar som er tatt opp på grunnlag av publisert tekst, likevel tilbyr vi i september kurs over heile landet for dei som vil bli endå betre sakprosaskribentar.
Kursene vil bli avholdt på følgende dager og steder:
11. september: Oslo
13. september: Larvik
14. september: Bergen
18. september: Trondheim
19. september: Tromsø
20. september: Stavanger

NB! Vi åpner for påmelding i begynnelsen av august.

Kurshaldar Ivo de Figueiredo har ekspertise i både sak og formidling. Han er ein prisløna sakprosaforfattar, er tidligare leiar av Aschehougs sakprosaskole og har mange års erfaring med å halde skrivekurs. Vi tok ein liten prat med han om kva ein kan vente seg på dette skrivekurset.

– Ingen er vel i tvil om at du brenn for sakprosa og elskar å skrive. Men korleis likar du deg ved kateteret?
– Der likar eg meg veldig godt! Når ein lever så mykje av livet som eit troll i hola, så er det ikkje berre moro, men sunt å kome ut og prate med andre!

– Kva kan kursdeltakarar vente seg denne kvelden?
– Eg har mykje energi på scenen, så det blir nok mykje. Eg håper det blir inspirerande, for eg har eit engasjement eg vil dele. Eg skal snakke generelt om det å skrive, men eg er også nøye med å vere konkret. Eg vil ta opp korleis ein skaper litteratur av kjelder, slik sakprosaforfattarar gjer. Eit fotografi, eit brev, korleis kan det bli til litteratur? Korleis organiserer ein skrivinga praktisk? Vi skal også snakke om korleis ein ser på ein tekst at den er god.

– Er det noko ekstra ivrige kursdeltakarar kan gjere på førehand for å få maksimalt ut av kurset?
– Eg ville tatt fram ei av favorittbøkene mine og sett litt nøyare på den. Gode bøker har ein tendens til å appellere umiddelbart, men når ein ikkje berre skal lese, men skrive godt sjølv, er det lurt å reflektere rundt kva det er som gjer akkurat den boka god.

Oppfordringa er dermed gitt: Ta med nokre riktig gode sakprosabøker på ferie i år!

Skrivekursturneen startar i Oslo 11. september og går så vidare til Larvik 13. september, Bergen 14. september, Trondheim 18. september, Tromsø 19. september og Stavanger 20 september. Kurset er gratis for medlemmar, men krev påmelding (med unntak for Tromsø). Meir informasjon om dei einskilde kursa vil dukke opp i NFFO-kalenderen snart. Følg med!

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.