oktober
17.

Haustsamling for forfattarar i akademia

Velkommen til ein kveld med fagleg og sosialt påfyll for medlemmer som skriv fagbøker for høgare utdanning.

Følg strømminga av det faglege programmet her.

Studenter i et auditorium sett bakfra. I bakgrunnen en foreleser foran et lerret som viser et verdenskart.
Foto: Ilja C. Hendel

Fagleg program kl. 17-20. Frå kl. 20: tapas og drikke. Hugs å oppgi ev. allergiar/matpreferansar når du melder deg på.

Program

Kl. 17: 00 Velkommen ved styreleiar/generalsekretær.

Kl. 17:10 Føredrag ved Synne Corell: arkivjobben med Likvidasjonen. Avveiingar og overraskingar undervegs.

Synne Corell er historikar med ph.d. frå Universitetet i Oslo. Hun er tilsett som forskar ved HL-senteret, og har Holocaust i Noreg som arbeidsfelt. Hennar ph-d.-avhandling Krigens ettertid. Okkupasjonshistorien i norske historiebøker blei utgitt som bok i 2011 (Forente Forlag). Likvidasjonen – historien om holocaust i Norge og jakten på jødenes eiendom kom i 2021 (Gyldendal).

Kl. 18:00 Pause

Kl. 18:15 Samtale med Magne P. Flemmen om å skrive lærebok for studentar. Klasse – en innføring har Flemmen skrive saman med Jørn Ljunggren, og boka fekk mykje pressemerksemd då ho kom ut tidlegare i år (Cappelen Damm Akademisk 2024). Den er skriven for “dei som er opptekne av klasse og sosial ulikhet for både samfunnet og den enkelte”, men er også ei lærebok for studentar i samfunnsvitskaplege fag. Korleis gjekk forfattarane fram då dei skreiv læreboka Klasse, kva er nytt her samanlikna med andre pensumbøker om same tema, blir nye omgrep og forklaringsmodeller introduserte? Samtalestyrar: Mette Andersson.

Magne P. Flemmen er professor på Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo.

Mette Andersson er professor på Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo.

Kl. 19:00 Pause

Kl. 19:15 Panelsamtale med tilsette frå redaksjonane til dei største akademiske forlaga. Samtaletema: Kva gjer forlaga for at me skal ha ein levande og oppdatert faglitteratur i Noreg? Korleis møter forlaga konkurransen frå engelskspråklege fagbøker og kompendier? Korleis går forlaga fram når dei vel forfattarar og bokprosjekt, arbeider dei målretta for å finne forfattarar i fag det ikkje finnest norske fagbøker i frå før? Korleis er marknaden for fagbøker og “dei doble bøkene”, som både er fagbøker og lærebøker?

Panelet:
Knut Vegard Bergem, seniorredaktør for samfunnsfag og humaniora i Cappelen Damm Akademisk.
Kristin Eliassen, redaktør i Fagbokforlaget.
Ingrid Ugelvik, redaktør i Universitetsforlaget.
Ordstyrar: Anniken Hotvedt Sundby, forskar 2 ved Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning.

Kl. 20 Tapas/drikke.

Programkomité: Helge Jordheim, professor i kulturhistorie ved Universitetet i Oslo, og Birgitte Kjos Fonn, professor ved Institutt for journalistikk og mediefag ved OsloMet. Spørsmål? kristine.isaksen@nffo.no / 952 01 968.

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.