Kunstig intelligens i manus
Velkommen til Ytringsfridomsutvalet i Forleggerforeningen og NFFO sitt arrangement om kva kunstig intelligens kan ha å seie for manusutvikling og bokutgiving.
På kva måtar er KI inne i manusutviklinga og påverkar måten forfattarar og redaktørar lagar bøker på i dag? Kva får me og kva mistar me med KI og korleis ser forleggeriet ut om sei, ti år? Kan den nye teknologien stå i vegen for ny kunnskap, kritisk tenking, kunstnarisk nyskaping og for kor grundig me jobbar?
På scena:
Åse Ryvarden, direktør i Aschehoug.
Arne Vestbø, generalsekretær i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.
Trygve Riiser Gundersen, redaktør i Forlaget Press og forfattar. Siste utgiving: Haugianerne. Enevelde og undergrunn (Cappelen Damm 2022)
Andreas W. Hatlevik, sjef for sakprosa i forlaget Bonnier.
Bår Stenvik, forfattar. Siste utgiving: Det store spillet – hvordan overleve i algoritmenes tidsalder (Cappelen Damm 2021)
Hanne Østli Jakobsen, forskingsjournalist i Morgenbladet (ordstyrar)
Arrangørar:
Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO) og Ytringsfridomsutvalet i Forleggerforeningen.
Bar med vennlege prisar (kostpris). Dørene opnar kl. 18:30.