oktober
10.

Medlemsmøte: Kunstig intelligens og omsetjing

Følg strømminga av arrangementet!
Kva gjer foreininga med trusselen som KI utgjer for omsetjarane?

Mann ved skrivebord med ene hånden i oppslått bok og andre hånden skrivende på laptop.
Foto: Ilja C. Hendel

Følg strømminga!

Velkommen til medlemsmøte der medlemmer blir oppdatert om kva foreininga gjer, og kan lufte bekymringar og komme med innspel til arbeidet med denne viktige problematikken.

Tidsplan:
18:30: Dørene opnar.
19:00: Styremedlem og omsetjar Geir Uvsløkk ønskjer velkommen.
19:10: Generalsekretær Arne Vestbø fortel kva foreininga har gjort og gjer for å sikre omsetjarane sine interesser i møte med stadig betra KI-teknologi.
19:40: Spørsmål/kommentarar frå medlemmer. Styremedlem Geir Uvsløkk er ordstyrar, og tek med innspela frå medlemmene til styret.

Medlemsmøtet blir strømma, og alle som følgjer sendinga kan delta aktivt med spørsmål og kommentarar undervegs. Lenkje til strømminga ligg på oppslagstavla i medlemsportalen.

Servering til dei som kjem til Uranienborgveien 2: Kaffi/te og vatn.

Vel møtt!

Spørsmål om arrangementet? kristine.isaksen@nffo.no / 952 01 968.

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.