Prosalong i Bergen: Om abort

Internasjonalt har vi dei siste åra sett ein tilbakegang i sjølve retten til fri abort, til dømes i USA gjennom opphevinga av høgsterettsdommen Roe mot Wade. I Noreg har abortspørsmålet igjen blitt gjenstand for stor debatt og usemje.
Grethe Fatima Syéd og Kjersti Sandvik meiner at den offentlege samtalen i Noreg om abort har vore for dårleg. I 2021 skreiv dei boka Hva vi snakker om når vi snakker om abort. Syéd og Sandvik møter gynekolog og medlem av abortklagenemda Ole-Erik Iversen til samtale om kva abort er, og kvifor det skapar raseri i alle leirar. Samtalen blir leia av forfattar og journalist Sandra Lillebø.
Etter samtalen blir det tid til spørsmål frå salen.
Arrangement er en del av LitFest Bergen 2023.