Etisk sjekkliste for forfattarar?
Velkommen til innspelsmøte måndag 18. mars i Uranienborgvegen 2: Bør foreininga jobbe for å få på plass ei etisk sjekkliste for forfattarar?
Som ei oppfølging av Prosalongen 27. februar om etikk i sakprosaen blir det eit innspelsmøte for alle forfattarar måndag 18. i Uranienborgvegen 2 der alle kan få komme med meininga si. Bør foreininga jobbe for å få på plass ei etisk sjekkliste for forfattarar?
Simen Sætre, som tok opp temaet i Prosa 6/18, innleier. Så er ordet fritt.
Les Klassekampens sak om temaet
Meld gjerne frå med ein gong til formidlingsansvarleg Kristine Isaksen, kristine.isaksen@nffo.no, om du ønskjer å halde eit innlegg, så kjem du med på talarlista. Maks lengde på innlegg er sett til 4 minuttar.
Dei som har stadfesta at dei kjem med innlegg så langt er:
Simen Sætre (innleiing)
Jon Gangdal (innleiing)
Kjersti Sandvik
Trygve Aas Olsen
Lene Westerås
Anne Ellingsen
Andreas Hompland
Hans Marius Graasvold
Terje Simonsen
Dei som ikkje har høve til å komme 18. mars, kan sende innlegga til Kristine Isaksen innan torsdag 14. mars, så blir dei lesne opp under møtet eller inkluderte i oppsummeringa av møtet dersom tida blir knapp.
Påtroppande generalsekretær Arne Vestbø summerer opp kvelden.
Kort om bakgrunnen:
Diskusjonane om ein ver varsam-plakat i sakprosaen lik den i journalistikken er jamleg oppe til debatt. Etter ein omfattande høyringsrunde avgjorde Den norske Forleggerforening i 2015 å skrinleggje forslaget om eit eige etisk regelverk for bransjen.
I Prosa nr. 6/18 argumenterte forfattar Simen Sætre for at nedskrivne etisk køyrereglar gir meir fridom og modigare sakprosabøker i artikkelen «Forlagenes etiske føleri». På Prosalongen 27.2.19, med utgangspunkt i Sætres artikkel, tok mange medlemmer til orde for ei etisk sjekkliste – som særleg kan vere til hjelp for nye forfattarar. Det kom også opp eit ønskje om og eit behov for ei best practice-samling der forfattarar og forlag deler erfaringane sine med å skrive og gi ut bøker med etisk slagside.
Spørsmål? Ta kontakt med formidlingsansvarleg Kristine Isaksen, kristine.isaksen@nffo.no / 952 01 968.
Innspelsmøtet er ope for alle medlemmer. Inga påmelding. Møtet vil ikkje bli strøymd. Servering av svart kaffi.