Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening

februar
8.

Tjuveri av kunnskap? Prosa tek debatten rundt "En samisk verdenshistorie" vidare

Prosa inviterer til debatt om normene for gjenbruk av andres verk og korleis dei skal handhevast.

OBS: Av smittevernomsyn er fysisk deltaking avgrensa til 30 personar. Meld deg på (gratis) her.

Prosadebatt
Fra venstre øverst: Hugo Lauritz Jenssen, Merete Røsvik og Berhard Ellefsen. Fra venstre nederst: Johan Tønnesson, Simen Sætre og Cathrine Sandnes. Foto: Ola Gamst Sæther (Tønnesson), Christopher Olssøn/Manifest forlag (Sandnes) Christopher Olssøn (Ellefsen), Ilja C. Hendel (Røsvik), Spartacus forlag (Sætre) og Ingvild Aksnes Rebnord (Jenssen).

I 2019 gav Hugo Lauritz Jenssen ut En samisk verdenshistorie. Hvordan et arktisk urfolk erobret verden, kolliderte med rasismen og blandet blod med kapitalismen. Så vart han skulda for å ha lagt delar av teksten så nær opp til Cathrine Baglos bok På ville veier? Levende utstillinger av samer i Europa og Amerika (2017) at det utgjorde eit «kunnskapstyveri». Ordet vart brukt av Morgenbladets kritikar Bernhard Ellefsen for å setje ord på ein praksis som ikkje var plagiat i tradisjonell tyding, men som både han og Baglo likevel meinte var over grensa for akseptabel bruk av andres arbeid.

I essayet «Tyvens historie» i Prosa #6 2021 problematiserte Simen Sætre desse skuldingane og skildra korleis dei ramma Jenssen. Han meiner at normene på området ikkje er så tydelege som det blir hevda, og at forfattarar som kjem frå journalistikken og dei som kjem frå akademia har ulik praksis.
På leiarplass skreiv redaktør Merete Røsvik at det mest alvorlege med saka sett i ettertid er at ingen stilte spørsmål ved Ellefsens harde dom over Jenssen. Sidan har debatten gått vidare i Aftenposten og på Prosas nettside.

Meld deg gjerne på arrangementet på Facebook

No inviterer vi til debatt 8. februar kl. 18.00 i NFFOs lokale i Uranienborgveien 2, Oslo.

I panelet:
Hugo Lauritz Jenssen, forfattar
Bernhard Ellefsen, bokansvarleg og kritikar i Morgenbladet
Simen Sætre, forfattar
Johan Tønnesson, professor i sakprosaforsking (UiO) og medforfattar av rapporten God skikk. Om bruk av litteratur og kilder i allmenne, historiske framstillinger (2006)
Merete Røsvik, redaktør i Prosa
Ordstyrar: Cathrine Sandnes, sjefredaktør i J.M. Stenersen forlag

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med noen tredjepart. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.