april
3.

Lokalhistorisk seminar

Lokalhistoriske bøker er ein stor sjanger med mange bøker, men får sjeldsynt sceneplass. Kom for å oppleve dyktige lokalhistoriske forfattarar om tema frå stader i heile det langstrekte land.

Foto: Ilja C. Hendel

Gratis og ope for medlemmer, men påmelding er naudsynt. Meld deg på.
Lokalet har plass til 70 personar. NFFO har diverre ikkje høve til å tilby reisestøtte.

Programmet blir oppdatert. Dørene opnar kl. 12:30.

kl. 13:05-13:45 Føredrag ved Even Saugstad: “Folk og røvarar i Oslomarka”.
Even Saugstad har i fleire bøker teke for seg personar som har vald å distansere seg frå A4-livet. Boka Folk og røvere i Oslomarka (Frie Fuglers Forlag) handlar om personar som har nytta skogsområdene rundt hovudstaden på meir kreativt vis enn rusleturar på søndagar. Dei har levd for marka, av marka og i marka. Korleis har han gått fram når han har funne fram til desse personane og kva etiske retningsliner har han halde seg til i bruka av kjeldene?

Even Saugstad er frilansjournalist- og forfattar, og har skrive mangfaldige bøker lokalhistorie og friluftsliv.

kl. 14:00-14:45 Stavkyrkjehistorie. Føredrag ved Torveig Dahl: Livet rundt Ringebu stavkyrkje. Kva seier bygningane og området rundt Ringebu stavkyrkje om livet folk levde og behova dei hadde? Utgangspunktet for føredraget er boka Ringebu stavkyrkje og prestegard: kultursentrum i tusen år (Ringbu historielag 2021). Tid til spørsmål frå salen.

Torveig Dahl har vore direktør for Toten økomuseum, Valdresmusea og Gudbrandsdalsmusea, og er styreleiar i Landslaget for Lokalhistorie. 

kl. 15:00-15:45 Samtale med Øystein Lydik Idsø Viken med utgangpunkt i Namdalens historie. Band 3 : Verdsvand utkant. Etter 1837 (Museumsforlaget 2023). Dei to førre banda kom i 1999 og 1965. Finst det ei namdalsk sjølvforståing, og kva held distriktet saman i dag? Namdalens historie syner dei mange endringane som har forma eit moderne norsk landskapsområde og diskuterer grunnlaget for regionalt fellesskap i ei tid med samanslåing og fråflytting.

Øystein Lydik Idsø Viken har doktorgrad i historie frå Universitetet i Oslo, og er førsteamanuensis ved fakultet for lærerutdanning og kunst- og kulturfag ved Nord universitet i Levanger.

Spørsmål?
Kristine Isaksen i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO): arrangement@nffo.no / 952 01 968.
Terje Grytbakk Wold i Landslaget for Lokalhistorie: sekretariat@landslaget.org
Marthe Hommerstad ved Norsk lokalhistorisk institutt: marthe.hommerstad@nb.no

Arrangørar: Landslaget for Lokalhistorie, Norsk lokalhistorisk institutt og NFFO.

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.