Omsetting av filosofi: frå omgrep til tankegods

Neste veke lanserer Mellom, tidsskrift for omsett litteratur, ei ny utgåve med omsetting av filosofi som tema. Vi publiserer her leiarartikkelen til informasjon og inspirasjon for medlemmane våre. God lesing!

Det er banalt å seie det, men ein treng meir enn eitt språk for å omsette. Kanskje er dette årsaka til at grekarane i antikken ikkje hadde eitt presist ord for dette merkelege fenomenet som vi den dag i dag har det gjengse uttrykket omsetting for her til lands.

Mang ein grekar var stolt av å meistre sitt logos, som stod fram i all si prakt i motsetninga til blablabla-et som barbarane målbar. Mangfaldet av tydingar som dette logos låg og ruga på, gjorde at evna til å tale godt gresk, smelta saman med evna til å tale som eit rasjonelt, og dermed ekte, menneske. Det greske verbet hellênizein stod på ei og same tid for «å tale gresk» og «å tale riktig».

«Språka er eit av Europa sine mest maktpåliggjande problem», skriv filosofen Barbara Cassin i forordet til storverket Vocabulaire européen des philosophies (‘filosofiane sitt europeiske vokabular’), som ho leia arbeidet med fram til utgjevinga 2004. Dette vokabularet inneheld utgreiingar om filosofiske omgrep som har oppstått innanfor ulike europeiske språk og som reknast for å vere uomsettelege. Prosjektet vart initiert for å bidra til å føre vidare eit språkleg mangfald i Europa gjennom å synleggjere, gi meining til og vise interessa som ligg i at det eksisterer forskjellar mellom kulturar og mellom språka som desse kulturane kjem til uttrykk i. Alternativet til eit slikt arbeid, hevdar Cassin, vil vere å omfamne eitt dominerande språk kor utvekslingar av idear skal skje: eit globalisert anglo-amerikansk.

Eit symptom på at det finst forskjellar språk imellom, er at det eksisterer ord som det ikkje går an å omsette frå eit språk til eit anna. Men det at noko reknast for å vere umogleg å omsette, vil ikkje seie at ein unnlét å prøve: «Det uomsettelege er det som ein utan stans (ikkje) omset», skriv Cassin.

Ein viktig inspirasjon bak dette nummeret av Mellom, var tanken om at det er vanskeleg – for ikkje å seie umogleg – å omsette enkelte filosofiske omgrep frå eitt språk til eit anna.

Korleis går det for eksempel når Arne Næss sitt omgrep om «aktivhet» legg på reisefot nedover det europeiske kontinentet for å bli akklimatisert i Frankrike – eit land der «filosofien framleis er dronning»? Omsettar og doktorgradsstipendiat Naïd Mubalegh beskriv korleis ho blant anna måtte innom tankegodset til ein nederlandsk filosof for å nærme seg ei løysing på denne utfordringa.

Dessutan er det ikkje berre det språklege arbeidet som kan by på problem for ein person som omset filosofi. Også møtet med forlaga kan vere frustrerande. Mubalegh skriv om dette og meir i denne utgåva av Mellom.

Det er eit trekk ved europeisk kultur at tankegodset til personer tilhøyrande grupper som historisk sett har vore undertrykte, nærast forsvinn ut av historia og risikerer å bli gløymd.

Kva gjer ein når kvinna i historia manglar, når stemma hennar ikkje lenger når oss? Ein gir i det minste ikkje opp forsøket på å finne fram til ho igjen. Den libyske filosofen Synesios fekk aldri svar frå den vise kvinna som han ønska kontakt med. Men han skreiv brev og skreiv brev i hennar retning heilt fram til sin død. Personen som han skreiv brev til, var den vidgjetne Hypatia i Alexandria. Ho levde frå cirka 355 til 415 e.Kr., og det finst kjelder som seier at ho overgikk alle filosofane i si samtid. Ingenting av det Hypatia skreiv, har nådd ned gjennom historia til oss. Heller ikkje Synesios høyrde mykje frå henne mot slutten av livet sitt. Nokre av breva han sendte i hennar retning, vitnar om ei enorm lengt etter å høyre nytt om kva Hypatia, hans tidlegare lærar, dreiv på med.

Hilde Vinje har omsett eit utval av Synesios sine brev til Hypatia til norsk. Dette er første gong desse breva er omsett til eit skandinavisk språk. I føljeteksten til omsettinga si set Vinje ord på ei sorg som både Synesios og ettertida føler på: «De oversatte brevene fører oss et skritt nærmere Hypatia, og de tegner et bilde av henne som en mektig intellektuell som det var et ulidelig tap å miste kontakten med.»

I dag vil eitt namn som var på mange sine leppar i dei akademiske kretsane i Sentral-Europa mot slutten av 1800-talet, vere ukjend for dei fleste: Helene von Druskowitz. Ho var ein austerriksk filosof og litteraturkritikar, som mellom anna førte det radikalfeministiske verket Pessimistische Kardinalsätze (1905) i pennen – ein filosofisk og politisk provoserande tekst, den gongen som no.

Frå 1891 og livet ut var Druskowitz tvangsinnlagd på sinnsjukehus. «Men som innlagd fekk ho i alle fall skrive i fred», heiter det i essayet om Druskowtiz, skrive av Mellom-redaktør Runa Kvalsund. Dette er noko som verket frå 1905 også kan tyde på: Det har form av ei rekkje radikale maksimer om både mannen og kvinna som vitnar om eit sterkt mannshat, men også om ei brennande kjensle av urett grunna den utbreitte misogynien i samfunnet – og her har ho ikkje spart på noko.

«Det er element ved Pessismistische Kardinalsätze som beint fram er framsynte. Druskowitz kjem med forslag til kvotering av kvinner og deling av makt i samfunnet, ho peiker på skeivheiter vi kjenner att i dag, og ho legg fram tankar om overbefolkning, om rovdrift på naturen og om å vere kritisk til ein religion ho oppfattar som patriarkatets grunnleggar», skriv Kvalsund vidare. Til dette nummeret av Mellom har ho omsett utdrag frå Druskowitz sin tekst.

I 2017 lanserte forlaget H//O//F ein omsettingsserie for samtidsfilosofi. Ei av bøkene som blei gjeven ut i første runde av denne serien, var Catherine Malabou si Hva skal vi gjøre med hjernen vår? Ein annan av redaktørane i Mellom, Erlend Wichne, intervjua Malabou då ho vitja Noreg i januar. Dei samtala om hennar nyare forsking, om kva som hender når ei filosofibok må vente meir enn ti år før ho blir omsett og om korleis ho ser på omsettinga si rolle overfor filosofien. Catherine Malabou opplever det ikkje slik at det er dei filosofiske omgrepa som byr på problem for omsettarane av verket hennar. «Det dreier seg om setningar som kanskje ikkje er klare nok. Det dreier seg om det enkle språkarbeidet», seier Malabou. Samstundes er ho ikkje i tvil om at omsetting er uunnverleg for ein filosof i det tjueførste hundreåret: «Eg veit at det er omsetting som held arbeidet mitt i live. … Filosofibøkene som ikkje blir omsett, døyr.»

Med dette nummeret av Mellom håpar vi i redaksjonen at lesarane våre blir meir kjende med kva omsetting kan ha å seie for filosofien. Og kanskje kan vi få ei betre forståing for kva rolle filosofien speler for omsetting også.

I dei faste spaltene i denne utgåva får vi blant anna høyre meir om slektskapen mellom norsk og shetlandsk språk i Odd Goksøyr sin tekst om å gjendikte poeten Christine de Luca; om Inger Sverreson Holmes’ utfordringar ved å omsetje den amerikanske filosofen Richard Rorty; og om korleis det er å gjendikte frå persisk til norsk via engelsk, når Anne Karin Torheim skriv om si oppleving med å sette om den iranske poeten Fatemeh Ekhtesari sine dikt til norsk.

Vi trykker også ein biografisk tekst om den viktige omsettaren Haldis Moren Vesaas, skriven av Tove Bakke. Dette er ein smakebit frå det nye Norsk Oversetterleksikon (NOleks). Ein lengre versjon kjem på nettsida deira: oversetterleksikon.no. Vi ser fram til å presentere fleire slike tekstar frå leksikonet framover.

Til sist vil vi takke Merete Franz og Eirik Welo for grundige språkvaskar.

Velkommen inn i Mellom!

Helsing redaksjonen
Ida Hove Solberg, Runa Kvalsund, Ingeborg Urke Myklebust, Julia Wiedlocha og Erlend Wichne

Sjå Facebook-invitasjon til lanseringsfest 6. juni

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.