november
22.

Haustsamling for barne- og ungdomsbokforfattarar

Velkommen til ein kveld med fagleg og sosialt påfyll for barne- og undomsbokforfattarar. Det faglege programmet strømmes her

Voksne mennesker sitter ved skrivebord, blikket deres er vendt i samme retning, de følger med.
Foto: Ilja C. Hendel

NFFO starta eigen forfattarskule for dei som vil skrive sakprosa for barn og unge i 2020. Det har blitt tradisjon at me opnar skulen ein fredag i november for NFFO-medlemmer som skriv sakprosa for barn og unge og våre skjønnlitterære kollegaer i NBU (Norske barne- og ungdomsbokforfattere).

Les meir om NFFOs forfattarskule

Fagleg program kl. 18-19:30. Frå kl. 19:30: tapas og drikke.
Hugs å oppgi ev. allergiar/matpreferansar når du melder deg på.

kl. 18-19:30 Velkommen ved styremedlem Linn T. Sunne.
Forfattar Reidar Müller og illustratør Sigbjørn Lilleeng skapte saman gigasuksessen Supervulkaner og digre dinosaurer (Aschehoug 2020), og er aktuelle med Livet er livsfarlig. Den utrolige historien om livets utvikling fra bakterier til deg (Aschehoug 2024).

Dei kjem til skulen for å snakke om m.a. dei forskjellige faktanivåa til målgruppene, dokumentariske illustrasjonar og dynamikken frå idé til ferdig verk i kortføredrag og samtale. Samtalestyrar er forfattar og skrivelærar på skriveskulen, Hilde Hagerup. Det blir sett av tid til spørsmål/kommentarar frå salen til slutt.

Reidar Müller har ein doktorgrad i geologi og er sakprosaforfattar. Han står bak fleire bøker for vaksne som Det som ble Norge (Aschehoug 2014), Skogens historie (Aschehoug 2018) og Norge. Landet vårt gjennom tre milliarder år (Kagge 2023).

Sigbjørn Lilleeng er teikneserieskapar og illustratør, kjent for utgivingar som Generato (Jippi 2012) og Nagel (Strand 2023 og 2024). Han illustrerer også serien Portalpilotene (Aschehoug) av forfattar Stian Gulli.

Hilde Hagerup forfattar skjønnlitterære og sakprosa-bøker for vaksne og barn. Siste utgiving: En annen barndom – roman (Oktober 2023).

Spørsmål? Ta kontakt med Kristine Isaksen: kristine.isaksen@nffo.no /
952 01 968

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.