Frilansforum: Å gå i dybda som forfattar og omsetjar
Det andre møtet til NFFOs Frilansforum handlar om research og arkiv.
Kom for å møte frilanskollegaer, få fagleg relevant påfyll og ha dialog med styret. NFFO starta hausten 2024 opp Frilansforum, les meir om Frilansforum.
Program
Kl. 18:00-18:05: Velkommen ved forfattar og programkomitémedlem Trine Hamran.
Kl. 18:05-19:00: Kræsjkurs i alt du kan finne i Nasjonalbibliotekets databasar ved Inger Stenersen, bibliotekar og seniorrådgivar ved Nasjonalbiblioteket. Opning for spørsmål/kommentarar frå salen.
Kl. 19:00-19:15: Pause.
Kl. 19:15-20:00: Mine researchmetoder av fakta og språk ved omsetjar, språkvaskar og korrekturlesar Kjersti Velsand. Opning for spørsmål/kommentarar frå salen.
Kl. 20:00-ca. 20:30: Korleis kan NFFO hjelpe forfattarar og omsetjarar med fagleg fordjupning, arkivarbeid og anna undersøkingsarbeid? Basert på eigne (dyrekjøpte) erfaringar som forfattar, opnar styreleiar Aage Borchgrevink for diskusjon, innspel og tankar.
Arrangementet blir strømma. Medlemmer som følgjer strømminga kan stille spørsmål og kommentere på youtube-kanalen til NFFO, og spørsmåla/kommentarane blir lesne opp høgt i salen.
Dei som lagar programmet er omsetjar Kaja Rindal Bakkejord (Trondheim) og forfattarane Trine Hamran (Tromsø) og Alfred Fidjestøl (Oslo).
Spørsmål om arrangementet? Ta kontakt: kristine.isaksen@nffo.no / 952 01 968.