mars
7.

Gratis omvising i Nasjonalbiblioteket for medlemmer

Bli med på ei omvising på Nasjonalbiblioteket!

Frå Kartsenteret på Nasjonalbiblioteket. Foto: Gorm K. Gaare

Som ei forlenging av Frilansforum 30. januar, som handla om research og arkivarbeid, set Nasjonalbiblioteket (NB) opp eiga omvising for NFFO-medlemmer fredag 7. mars kl. 13. Omvisar blir seniorrådgjevar og bibliotekar Inger Stenersen, som føredrog på Frilansforum. Opptaket av Frilansforum er tilgjengeleg for medlemmer.

Du vil få ei omvising på huset, i Kartsenteret, og utstillinga “Opplyst”. Sistnemnde handlar om vår felles kulturhistorie.

Tidligare har omvisingane på Nasjonalbiblioteket blitt fullteikna på kort tid, så ikkje vent med å melde deg på. Det er plass til 30 personar. Nasjonalbiblioteket set av tid og ressursar til oss, og påmeldinga er derfor bindande. Er du påmeldt og kan ikkje delta likevel, er du sjølv ansvarleg for å melde deg av arrangementet i medlemsportalen. Oppmøte 7. mars blir registrert.

Vel møtt!

Spørsmål? Ta kontakt med Kristine Isaksen, arrangement@nffo.no / 952 01 968.

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.