Gje omsetjingane dine eit større publikum!

Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening er i ferd med å etablere formidlingsprosjektet «Møt oversetteren på biblioteket», og vi søkjer no etter omsetjarmedlemmer som ønskjer å formidle omsetjingsarbeidet sitt og aktuelle boktitlar med biblioteket som arena.

Vil du formidle omsetjingsarbeidet ditt og aktuelle boktitlar med biblioteket som arena? Her fra Steinkjer bibliotek.

NFFO har løyvd midlar til at 5–10 omsetjarar kan besøkje rundt fem bibliotek kvar og formidle éi eller fleire av omsetjingane sine. Føremålet er todelt: å få sakprosaen ut til folket og å vise fram omsetjinga som handverk.
Dei omsetjarane som blir valde ut, vil få kursing i presentasjonsteknikk og utvikling av presentasjonsmanus. Deretter vil dei få ein periode til å utvikle presentasjonen sin, og så vil sjølve arrangementa bli haldne til hausten.

No søkjer vi etter deg som brenn for sakprosaformidling, og som har lyst til å formidle kva for praktiske utfordringar og gleder som ligg i omsetjinga som handverk. Vinkling og tematikk vel du sjølv – det viktige er å presentere éin eller fleire aktuelle titlar og å gje publikum innsikt i omsetjingsprosessen.

Honorering og utgifter
Formidlingsoppdraga vil bli honorerte etter satsane til Norsk Forfattersentrum, og reiseutgiftene dine vil bli dekte.

Tidsplan
Slik ser den omtrentlege planen for prosjektet ut framover:
20. mai: søknadsfrist.
Medio august: formidlingskurs.
mai–august: utvikling av manus og presentasjon.
september–desember: bibliotekformidling.

Søknad
Dersom du synest prosjektet høyrest spennande ut, håpar vi at nettopp du søkjer om å bli ein av formidlarane.
Send i så fall ein søknad til oversetterutvalget@nffo.no
Skriv litt om deg sjølv og bakgrunnen din som omsetjar, litt om tittelen eller titlane du ønskjer å formidle, og litt om kva for vinkling og problemstilling du ser føre deg å ta opp gjennom formidlinga di. Skriv også litt om kven du ser føre deg at er målgruppa: Barn og unge? Vaksne? Kven som helst? Fagfolk?

Søknadsfristen er 20. mai.

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.