NFFO 40 år
Kampen om innkjøpsordninga
Heile 40 år tok det før sakprosaen fekk bli med på innkjøpsordninga. Men straks «Aksjon utvid innkjøpsordninga» blei etablert i 2002, var det «plain sailing».
Denne saken er tidlligere publisert i NFFOs jubileumsversjon, som du kan lese i sin helhet her.
I 1965 etablerte det nyskipa Norsk kulturråd ei innkjøpsordning for ny norsk skjønnlitteratur. Frå og med bokhausten dette året skulle staten kjøpe inn 1000 eksemplar av alle nye norske skjønnlitterære bøker som var gitt ut på medlemsforlag i ei av dei to norske forleggarforeiningane, og distribuere dei gratis til alle folkebiblioteka i landet. Ordninga førte over natta til ein heilt ny situasjon for norsk skjønnlitteratur. Talet på nye norske titlar steig radikalt dei komande åra. Men sakprosaen fekk ikkje bli med på festen.
Det var ikkje mange som reagerte på urettferdigheita den gongen. Sakprosaforfattarane var ikkje organiserte, NFFO var ikkje skipa, mange tenkte at sakprosa primært blei skriven av folk som var tilsette ved offentlege høgskular og universitet og dermed alt fekk ei slags støtte frå staten. Rett nok kom det i 1996 ei selektiv innkjøpsordning for «Fagbøker for barn og unge». Men først då skribentorganisasjonane saman etablerte «Aksjon utvid innkjøpsordninga» i 2002 og tilsette Mette Newth som prosjektleiar, blei det fart i sakene også for vaksensakprosaen:
– Det var eit riktig tidspunkt å ta opp denne kampen på, politikarane forstod kravet. Kulturminister Valgerd Svarstad Haugland var imøtekomande. Ho forstod at ein frilans sakprosaforfattar likna veldig på ein frilans skjønnlitterær forfattar. Det var eigentleg eit reint rettferds- og likestillingsprosjekt, minnest Mette Newth i dag.
Samarbeidskvinne
Frå ein sakprosaståstad var Mette Newth eit overraskande val som prosjektleiar for ein slik aksjon. Newth var kjend som ein røynd og prislønt barnebokforfattar og ein rutinert kulturpolitisk strateg, men ingen knytte henne til sakprosa.
– Eg hadde vore rektor ved Kunsthøgskolen i Oslo, der alle kunstnargruppene frå dansarar til designarar nyleg var blitt slått saman. Det hadde lært meg noko om å få ulike kunstnargrupper til å arbeide saman. Den erfaringa skulle bli nyttig i arbeidet for innkjøpsordninga. Dessutan hadde eg erfaring frå mange års forhandlingar om kopi- og bibliotekvederlag, fortel Newth.
Like før etableringa av «Aksjon utvid innkjøpsordninga» hadde det nemleg vore ein stor offentleg krangel mellom skjønnlitterære forfattarar og sakprosamiljøet om innkjøpsordningane. Halvor Fosli, redaktør i sakprosatidsskriftet Prosa, hadde kravd i ein leiarartikkel i 2001 at sakprosa burde kome inn på innkjøpsordninga. «Det beste ville vært om bokbransjen klarte å utvide totalrammene for den offentlige litteraturstøtten. Men det er neppe politisk oppslutning i dag om å øke de samlede overføringene til litteratur. Da må de kronene som litteraturen er tildelt av Kulturrådet fordeles på en litt annen måte. Skjønnlitteraturens særstilling er overmoden for revisjon», skreiv Fosli.
Det var eigentleg eit reint rettferds- og likestillingsprosjekt
Utspelet var ein raud klut framfor dei skjønnlitterære forfattarane. «Hvis dette er offisiell politikk fra NFF er det en ren krigserklæring. Problemet er at dersom dette slår gjennom, må vi dele reiret, og de tar våre penger», freste leiar av Den norske Forfatterforening Geir Pollen tilbake i Dagens Næringsliv.
Til neste nummer av Prosa hadde Halvor Fosli bestilt artiklar frå Einar Økland, Nina Refseth og Thomas Hylland Eriksen om ulike sider ved innkjøpsordninga. Økland foreslo å redusere talet på innkjøpte skjønnlitterære utgjevingar til 75 prosent, og bruke dei innsparte pengane på å kjøpe inn sakprosa. Fosli støtta denne Økland-reforma på leiarplass. Men Geir Pollen blei ikkje mindre provosert av at Økland var forslagsstillar: «De faglitterære forfatterne vil være gratishaikere, komme inn på ordninger vi har jobbet for å få til gjennom mange år. Det er en dårlig fagforeningsstil», sa Pollen då.
Bestilt aksjon
Ein open strid mellom dei to store skribentorganisasjonane om innkjøpsordningane var kulturpolitisk skadeleg. Norsk kulturråd ynskte sjølv at det skulle opprettast ei innkjøpsordning for sakprosa ved sida av og i tillegg til den skjønnlitterære ordninga. Men Kulturrådet var formelt underlagt Kulturdepartementet og kunne ikkje drive lobbyarbeid for dette synet. Direktøren i Kulturrådet tok derfor diskré kontakt med samlagsdirektør og tidlegare styreleiar i Den norske Forleggerforening, Audun Heskestad, og foreslo at han organiserte ein lobbyaksjon for å utvide innkjøpsordninga. Heskestad tok straks jobben med å samle den splitta bokbransjen om eit felles standpunkt, nemleg ei innkjøpsordning for sakprosa i tillegg til dagens ordningar. Og Heskestad fekk ei rekke skribentorganisasjonar som NFFO, Den norske Forfatterforening, Norske barne- og ungdomsbokforfattere, Norsk Bibliotekforening og Norske Dramatikeres Forbund til å gå saman om «Aksjon utvid innkjøpsordninga».
– Grunnen til at NFFO ikkje hadde fått gjennomslag for ei innkjøpsordning for sakprosa tidlegare, var at dei alltid hadde foreslått å ta av pengane til dei skjønnlitterære forfattarane. Det dummaste ein kan gjere når ein driv lobbyisme, er å rakke ned på dei ein burde samarbeide med, seier Audun Heskestad i dag.
Ut frå ein tilsvarande strategi blei nettopp Mette Newth tilsett i den viktige leiarstillinga for aksjonen, fortel Heskestad, ei kvinne heile bransjen kunne stille seg bak, og som ikkje blei oppfatta som ein partsrepresentant for sakprosafolket:
– Heile cluet var at Mette Newth ikkje var eit sakprosanamn. Om dei som skulle gjere vedtaket, skulle forstå at sakprosa var viktig, måtte det vere ein som ikkje var sakprosaforfattar, som fronta saka. Ein av tinga som Einar Førde lærte meg om kulturpolitikk, var at vi måtte sjå mot idretten. Idretten hadde klart å få til utruleg mykje fordi dei klarte å samarbeide på tvers av dei ulike interessene. Slik måtte også bokbransjen arbeide, seier Heskestad.
Og då aksjonen først var i gang, gjekk det forbløffande lett å få dei skjønnlitterære forfattarane heilhjarta med på laget:
– Mange av dei skjønnlitterære forfattarane var leie av alle angrepa frå sakprosaforfattarane, og innsåg at dette kunne det bli slutt på med denne kampanjen. Resultatet kunne jamvel styrke den eksisterande innkjøpsordninga. Utan offentleg innkjøp av sakprosa blei utvalet i norske bibliotek etter kvart ganske skeivt. Ei innkjøpsordning for sakprosa kunne dermed vere med å styrke legitimiteten også til den skjønnlitterære ordninga, seier Heskestad.
Det dummaste ein kan gjere når ein driv lobbyisme, er å rakke ned på dei ein burde samarbeide med
«Plain sailing»
Forsommaren 2002 blei Mette Newth engasjert som dagleg leiar for aksjonen. Newth hugsar det i dag som ein relativt enkel jobb, både det å få organisasjonane til å trekke i lag og etter kvart å få politisk gjennomslag for krava:
– Det var ikkje vanskeleg å få dei skjønnlitterære forfattarane til å støtte aksjonen. I dei første åra etter at NFFO blei starta opp, ville det nok ha vore vanskeleg. Då var det blankt nei til alt og ei amper stemning mellom dei faglitterære og skjønnlitterære forfattarane. Men no forstod begge skribentgruppene at det berre var til statens fordel om vi stod fram som usamde offentleg. Norske forfattarar hadde endeleg lært kor dumt det var å føre klankampar seg imellom for opne medium, seier Newth.
– Kva var den politiske strategien for aksjonen?
– Vi heldt mange seminar oss imellom for å diskutere kva argument som var gyldige. Deretter hadde vi møte med politikarane og folk utanfor bransjen for å få fram betydninga til faglitteraturen. I 2003 var det valår, hugsar eg, så då var det lett å kome i kontakt med dei politiske partia i samband med årsmøte og liknande. Og vi hadde sjølvsagt passa på å alliere oss med bibliotekarane. Eg hugsar det heile som ganske «plain sailing». Det var eit uproblematisk prosjekt å leie. Alt låg til rette. «Aksjon utvid innkjøpsordninga» var eit lukkeleg døme på godt samarbeid mellom dei ulike forfattargruppene. Vi hadde lært av historia.
Gjennomslaget
Det politiske gjennomslaget for aksjonen kom i Kulturmeldinga som regjeringa Bondevik og kulturminister Valgerd Svarstad Haugland la fram hausten 2003. Her blei det formulert ei målsetjing om ei selektiv innkjøpsordning på cirka 50 sakprosatitlar per år til ein estimert kostnad på mellom åtte og ti millionar kroner. «Aksjon utvid innkjøpsordninga» feira kulturmeldinga som ein endeleg siger, men fekk eit uventa tilbakeslag då det ikkje blei sett av pengar til ordninga i statsbudsjettet. Først ved revidert statsbudsjett i 2005 blei dei første kronene sette av, og dei historisk første sakprosabøkene kunne bli kjøpte inn av Norsk kulturråd. Totalt 32 bøker blei kjøpte inn denne hausten, frå Dag Hessens Hva er biologi til Karsten Alnæs’ Historien om Europa, bind 3.
– Vurderte de å krevje ei automatisk innkjøpsordning, slik dei skjønnlitterære hadde?
– Ja, vi brukte mykje tid på å diskutere både automatisk versus selektiv innkjøpsordning, og kor stor ei eventuell selektiv ordning burde vere, fortel Newth.
– Det var ein viktig diskusjon, og vi enda opp med at aksjonen skulle krevje ei selektiv ordning, men med krav om gradvis opptrapping av talet på innkjøpte titlar. Så stod NFFO som særorganisasjon fritt til å krevje ei automatisk ordning eller å pushe på for å få fleire titlar med på den selektive ordninga. Eit slikt press var berre positivt, men om «Aksjon utvid innkjøpsordninga» hadde kravd automatisk ordning straks, trur eg motstanden mot oss ville ha vore mykje større.
– Og idet ordninga var på plass, skreiv du sjølv di første sakprosabok?
– Ja, då gav eg ut sakprosaboka Arktis. Jordas navle, som var ei slags hjartebok for meg og noko eg hadde halde på med lenge.
– Kom ho med på innkjøpsordninga?
– Ja, ho gjorde det. Det var litt kjekt at straks eg var ferdig med å promotere ideen, kom eg sjølv med på innkjøpsordninga.