februar
25.

Bransjemøte: Lansering av etisk sjekkliste for sakprosa

Velkommen til frokostmøte og lansering av etisk sjekkliste for sakprosa!

Collageetiske
Utvalget som har utarbeidet den etiske sjekklista. Øverst fra venstre, Anne Bitsch og Jon Gangdal. Nederst fra venstre, Bjørn Olav Jahr, Marianne Egeland og Trygve Aas Olsen.

Ei arbeidsgruppe blei sett ned av NFFO før sommaren i fjor for å lage ei etisk sjekkliste for sakprosa. Sjekklista er meint å vere eit arbeidsverkty for forfattaren av generell sakprosa og redaktøren/forlaget hans eller hennar, ei rekkje spørsmål dei kan stille seg undervegs i prosessen det er å skrive og utgi ei bok for å sikre at boka held høg etisk standard.
NFFOs generalsekretær Arne Vestbø innleder. Panelet blir intervjua av Håkon Haugsbø.

NB! Dette frukostmøtet er primært for forlag, bokbransjen elles og media.
Det blir eige sjekkelistemøte for NFFOs medlemmer seinere same dag.
Klikk her for å lese om medlemsmøtet som startar kl. 19.00.

Arbeidsgruppa er: Jon Gangdal (leiar), Trygve Aas Olsen, Anne Bitsch, Marianne Egeland, Bjørn Olav Jahr og Kristine Isaksen (NFFO). På dette frukostmøtet vil dei fortelje om arbeidet, og ta imot spørsmål frå bransjen og presse.

Inga påmeldingsplikt, men meld gjerne frå om interessa di for arrangementet på fjesboka

Spørsmål? Kontakt formidlingsansvarleg Kristine Isaksen:
kristine.isaksen@nffo.no / 95201968

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.