mai
31.

Masterclass med Peter Englund

Peter Englund fortel om sin metode i eit lukka arrangement for NFFO-medlemmar. OBS! Berre 25 plassar!

Peter englund 800

Peter Englund (f. 1957) er ein av Sveriges fremste historikarar og sakprosaprosaforfattarar. Han er særleg oppteken av krigen som fenomen, men mistar aldri enkeltmennesket eller kvardagslivet dei levde av syne.

I føredraget kjem han inn på skrive- og researchprosessen, problem og mogelegheiter som ligg i forteljarstrukturen, samt det evig interessante spørsmålet om skilnaden på skjønnlitteratur og sakprosa.

Det vil bli høve til å stille forfattaren spørsmål på tampen av føredraget.

Følgjande bøker av Englund finst på norsk: Poltava. Fortellingen om en hærs undergang (Cappelen Damm, omsett av Trond Berg Eriksen), Krigens skjønnhet og sorg (Cappelen Damm, omsett av Per Qvale), Ufredsår (Cappelen Damm, omsett av Alexander Leborg), Sølvmasken. En kort biografi om dronning Kristina av Sverige (Spartacus, omsett av Alexander Leborg), Stillhetens historie og andre essays (Universitetsforlaget, omsett av Per Qvale) og Jeg skal tordne (Cappelen Damm, omsett av Per Qvale).

Føredraget er gratis og eksklusivt for NFFOs medlemmer. Me har diverre ikkje høve til å dekkje event. reiseutgifter. Det er 25 plassar. Send ei kort grunngjeving (maks 400 teikn med mellomrom) til kristine.isaksen@nffo.no no innan 7. mai om korfor du bør få ein plass.

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.