Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening

Bokhandelens sakprosaprisar til Marte Spurkland og Roman Linneberg Eliassen

Forfattar Marte Spurkland og omsetjar Roman Linneberg Eliassen er vinnarane av Bokhandelens sakprosaprisar 2018. NFFO gratulerer!

Bokhandlerpriser2
Prisvinnerne Marte Spurkland og Roman Lindeberg Eliassen, flankert av Tore Slaatta, generalsekretær i NFFO og Trine Stensen, administrerende direktør i Bokhandlerforeningen.

Bokhandelens sakprosaprisar har sidan 2011 blitt delt ut i samarbeid med NFFO. Prisen går til lovande forfattar- og omsetjarskap i etableringsfasen, og kvar vinnar får 50 000 kroner. I dag vart prisane for 2018 delt ut ved Norsk Litteraturfestival på Lillehammer. Dette er den einaste reine sakprosaprisen for omsetjarar, og i år har juryen, som består av Espen Søbye, Arnhild Skre og Per Qvale, valt ut ein omsetjar som også er samfunnsøkonom.

Roman Linneberg Eliassen (f. 1987) får prisen for omsetjinga av Ha-Joon Chang: 23 ting de ikke forteller deg om kapitalismen (Solum forlag 2017). Han har tidlegare skrive boka Hysj, vi regner (Forlaget Manifest 2016) og er tilsett i Manifest Tankesmie. Ha-Joon Chang har blitt omtala som ein av dei 20 mest innflytingsrike tenkarane i verda, og verket Eliassen har omsett frå engelsk, er ein internasjonal bestseljar.

Juryen meiner at omsetjinga er gjort «med et reservoar av språklige virkemidler og med spenst og oppfinnsomhet». I talen heldt Per Qvale også fram at Eliassens arbeid er språkpolitisk viktig fordi han set ein høg standard for norsk fagspråk i ei tid kor stadig meir akademisk tekst blir publisert på engelsk. I grunngjevinga heiter det vidare:

«Dette er en ulastelig tekst, solid forankret i økonomiens klassiske begreper. Dertil er den uanstrengt kreativ, med treffende betegnelser, uttrykksmåter og vendinger på dette feltet. Prisvinneren tar språklige utfordringer på strak arm, og oversettelsen fremstår som terminologisk autoritativ.»

Forfattarprisen gjekk til Marte Spurkland (f. 1977) for boka Klassen. Fortellinger fra et skoleår (Cappelen Damm 2017). Spurkland er tidlegare journalist og no programleiar i TV 2, og i boka følgjer ho sju elevar og læraren deira gjennom eitt år. Boka har tidlegare fått glitrande kritikkar, og fleire av dei var siterte i grunngjevinga frå juryen. Det vart elles lagt vekt på at ho har løfta fram vanlege skuleelvar som kjempar med store utfordringar i kvardagen, og den viktige jobben læraren deira gjer frå dag til dag. Slik formulerer juryformann Espen Søbye seg:

«Det er en tradisjon i norsk litteratur å tegne nidportretter av lærere. Aleksander Kiellands lærer som plager lille Marius med flere byer i Belgia har mange etterfølgere. I Spurklands bok er læreren en helt. Originalt! Og elevene med all sin kulturelle, sosiale og mentale ballast blir verken infantilisert, sett ned på eller gjort til stakkarslige offer. I Spuklands bok er de beskrevet med bortoverblikk, som likeverdige deg og meg. Det er befriende!»

Les også intervju med Roman Linneberg Eliassen i spalta Ukas NFFO-er

Sjå tidlegare vinnarar her

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med noen tredjepart. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.