Ukas NFFO-er

Roman Linneberg Eliassen

– Dei stive skuldrane mine er ikkje samd med juryen i at arbeidet var «uanstrengt», men dei senkar seg litt no, seier Roman Linneberg Eliassen. Han har nettopp fått Bokhandelens sakprosapris til oversettere 2018 for sitt bidrag til god norsk i økonomifaget.

Eliassen ferdig 02 600

23 ting de ikke forteller deg om kapitalismen heiter boka som Roman Linneberg Eliassen no har fått Bokhandelens sakprosapris for å ha omsett – frå engelsk, trass i at forfattaren har eit umiskjenneleg kinesisk namn: Ha-Joon Chang. Prisen er den einaste i Noreg som går til omsett sakprosa, og den skal gå til ein omsetjar i etableringsfasen som har utmerkt seg med omsetjing av høg kvalitet. Dermed blir Eliassen del av ei eksklusiv gruppe prisvinnarar, og det med skussmål om at han har sett ein høg standard for økonomisk litteratur på norsk. Som kapitalisme- og systemkritisk samfunnsøkonom er Elisassen van med å vere i mindretal. Han er frå før kjend som forfattar av boka Hysj, vi regner (2016), der han er sterkt kritisk til korleis økonomifaget blir undervist og praktisert i dag.

– Gratulerer med Bokhandelens sakprosapris! I grunngjevinga for pristildelinga skriv juryen om din «stilistisk elegante og fullstendig uklanderlige oversettelse» og dei brukar ord som «uanstrengt kreativ», «en usedvanlig sterk språklige kompetanse» og «en viktig språkpolitisk innsats». Du har med andre ord vakt stor begeistring! Får du lyst til å kaste økonomien over bord og melde overgang til humaniora?
– Det er i alle fall særs hyggeleg for ein omsetjar å bli sett, og bli sett pris på, på denne måten. Spørsmålet illustrerer problemet – det er sjølvsagt samfunnsøkonomien som må melde overgang til humaniora! Eller rettare sagt: Faget må gjenoppdage sin humanistiske, moralfilosofiske og politiske arv. Det må få bukt med fysikkmisunninga og ønsket om å drive nøytral, objektiv vitskap ved å kvantifisere all verda.
– Samfunnsøkonomien har heilt klart blitt meir språkfattig av matematisering og amerikanske lærebøker, og det er eit demokratisk problem. Som Chang seier: 95 prosent av samfunnsøkonomi er formalisert sunn fornuft. Det er enkle samanhengar forkledd bak obskure symbol. Han omtalar seg forresten som verdas minst matematiske økonom. Samtidig er han ein av dei viktigaste. Arbeidet hans – dét er viktig språkpolitisk arbeid! Eg sluttar meg til programmet hans: Vi treng eit tilgjengeleg økonomisk språk i den norske, offentlege samtalen.

– Korleis har omsetjararbeidet vore, på ein skala frå «som å fange sommarfugl med hov» til «som ei blanding av diktanalyse og eksamen i statistikk»?
– Som å plukke blåbær med bind for augo. Med fingrane, ikkje blåbærplukker. Eg trur ikkje eg har noko spesielt talent for omsetjing, eg traskar og famlar og sansar meg fram i det norske språket. Det er tidkrevjande, hardt arbeid, og einsformig i lengda. Når eg finn ei løysning som kjennes riktig, smakar eg litt på det. Og det smakar jo godt. Men kvart blåbær er ganske lite.
– Dei stive skuldrane mine er altså ikkje samd med juryen i at arbeidet var «uanstrengt», men dei senkar seg litt no. Omsetjing er ei slags minimering av feil, styrt av frykt for å bomme for mykje; verksemda er slik sett ein løgn frå ende til annan, som ein må kamuflere. Sånn kjennest det i alle fall til tider. Men ikkje akkurat no. Chang er ein meister i formidling. Det var ei relativt takksam oppgåve å omsetje han, fordi han skriv så tydeleg og eintydig.

– Har arbeidet med å omsetje Ha-Joon Chang, og den førre boka du omsette av John Maynard Keynes, påverka deg som forfattar?
– Utan tvil. Når ein omset, lærer ein stilen til en annan – eller, rettare sagt, ein finn opp ein stil innanfor ei strengt definert ramme gitt av originalen. Sånn sett har omsetjing utvida mitt eige stilregister, gjort det enklare å veksle mellom sjangrane – og frå den akademiske stilen til den populariserande. Eg trur også det har gjort det lettare å frigjere seg frå jakta på eit eige, autentisk uttrykk, som eg mistenkjer kan vere ein hemsko for mange.
– Av Chang har eg lært mykje, og har endå mykje å lære, om formidling – korleis ein skal skrive for å nå ut med viktige tema til folk flest. Frå Keynes har eg lært dei lange, tørre teoretiske argumenta ein må leggje fram – eller i alle fall ha klare – før ein angrip motstandaren med polemisk snert. Dei to har sams at uansett kor tabloid eller polemisk dei formulerer seg, så ligg det alltid eit solid resonnement til grunn. Det er eit ideal eg strekk meg etter når eg skriv sjølv.

– Det er naturleg å tru at du, i samfunnsøkonomkretsar, blir betrakta som relativt alternativ i tilnærminga di til faget. Du har også sterke filologgenar frå far din, litteraturprofessor og forfattar Arild Linneberg. Tør ein spørje kva som fekk deg til å velje samfunnsøkonomien?
– Eg har ei mor i tillegg. Men ho er humanist ho også. Når sant skal seiast, begynte eg studieløpet i filosofien, og eg bestemte meg vel for å importere den kritiske tenkinga til eit felt som såg ut til å ha underskot på det. Timinga var slåande: Eg begynte å studere samfunnsøkonomi i 2008, då finanskrisa slo til for fullt. Økonomane blei fullstendig tatt på senga, men krisa blei knapt nemnd på førelesingane. Ikkje noko forsøk på å forstå kva som skjedde der ute i verda, vi måtte jo lære å derivere og finne løysninga i modellane! Dette var høgst merkverdig, og eg har sidan prøvd å kome til botnar i kva dette rare faget eigentleg held på med. «De biter seg fast i tang og tare og alt det fandenskap som der nede fins.» Keynes siterte elles Vildanden på det då han kritiserte økonomane for det same som sånne som meg kritiserer dei for i dag.

– Du har tatt doktorgrad ved Anglia Ruskin University, ifølgje juryomtalen handlar den om pluralisme i den økonomiske tenkinga. Kan du forklare litt meir – med vekt på litt – kva det går ut på?
– Pluralisme går ut på at økonomifaget må ta inn fleire perspektiv – både i utdanninga og forskinga – enn den einsidige matematiske skulen som dominerer i dag. Ei rekke andre teoretiske skular, originalverk, den økonomiske historia og idéhistoria, vitskapsteori, kritisk tenking og etisk og politisk refleksjon – alt glimrar med sitt fråvær. Det gjer at vi får økonomar som er … ganske gode til å rekne. I avhandlinga prøvde eg å forklare NØYAKTIG kvifor pluralisme er ein god idé. Alle med sunn fornuft skjønar jo at det er det. Men den sunne fornuft er diverre ikkje nedfelt i faginstitusjonane.

– Blir det fleire omsetjingar med det første?
– Eg kjenner meg kalla, meir enn nokon gong! No har eg nettopp begynt i fast jobb som samfunnsøkonom i Manifest Tankesmie, der det å kombinere brei formidling med fagleg grundigheit er helt avgjerande. Og så er eg i ferd med å gjere ferdig boka Hva er penger for Universitetsforlaget. Men det kjem meir etter kvart. Eg skal uansett prøve meg som konsulent på to omsetjingar i nær framtid, så eg har i alle fått styrka sjølvtillit til den oppgåva.

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.